Vurderer nytt stemmerettsforsøk
Regjeringa konkluderer om kort tid, ifølgje Helge André Njåstad (Frp). Han har gode erfaringar med stemmerett for 16-åringar i eigen kommune.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Stemmerett for 16- og 17-åringar skapte meir engasjement blant ungdom i kommunen, seier tidlegare ordførar i Austevoll, Helge André Njåstad. No leier han kommunalkomiteen på Stortinget.
Torsdag blei evalueringa av forsøket med stemmerett for 16-åringar lagt fram. Den viser at 16-åringane var flinkare til å bruka stemmeretten sin enn andre førstegongsveljarar og at det blei vald inn fleire unge politikarar i forsøkskommunane.
Ifølgje Njåstad har regjeringa ikkje tatt stilling til eit nytt forsøk, men saka blei seinast drøfta med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner onsdag. Framtida.no har i fleire dagar spurt om ein kommentar for politisk leiing i departementet, men får til svar at saka er til handsaming.
Logisk
– I utgangspunktet er Høgre og Framstegspartiet samde om at stemmerettsalderen bør følgja myndigheitsalderen, seier Njåstad til Framtida.no.
– I evalueringa til Institutt for Samfunnsforsking kjem det fram at det ikkje er rettslege hinder for at stemmerettsalderen er lågare enn myndigheitsalderen. Også tidlegare i Norgeshistoria har det vore forskjell på myndigheitsalder og stemmerettsalder. Er dette moment som vil bli vurdert?
– Sjølv om det ikkje skulle vera nokre juridiske hinder, så er det for vår del i Frp ein logisk samanheng mellom stemmerettsalder og myndigheitsalder, seier Njåstad.
LES OGSÅ: – Me som skal leva i 2060 må stemma
– Ikkje opent for alle
I 2011 var det 20 kommunar som var med i forsøket med stemmerett for 16-åringar. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisjoner har tatt til orde for å utvida forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar. Fleirtalet i Oslo bystyre har allereie vedtatt at dei vil prøva stemmerett for 16- og 17-åringar. Helge André Njåstad tvilar på at det vil bli fritt fram med forsøk med stemmerettsalder på 16 år.
– Det eg trur diskusjonen vil gå på, er om forsøket skal halda fram. Eg trur ikkje det blir nokon stor utviding, seier han til Framtida.no.
Regjeringa skal også ta stilling til om ein skal halda fram med internettval, legg Njåstad til. Heller ikkje her er det konkludert.
LES OGSÅ: Er grensa på 18 år katastrofal?
Avheng av KrF eller regjeringspartia
Ifølgje Helge André Njåstad er saka ikkje drøfta med støttepartia KrF og Venstre i Stortinget.
Venstre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer alle å ha stemmerett for 16-åringar. Arbeidarpartiet vedtok på sist landsmøte å ha forsøk med stemmerett for 16-åringar i lokalval. I Stoltenberg-regjeringa gjekk òg Senterpartiet inn for dette. Senterpartiet er mot stemmerett for 16-åringar, men tidlegare har Liv Signe Navarsete sagt til Framtida.no at ho har skifta meining i saka og er for stemmerett for 16-åringane.
Mykje tyder dermed på at det er opp til KrF og regjeringspartia kva som skal skje med forsøket med stemmerett for 16-åringar.
Stortingsrepresentant Olaug Bollestad (KrF) seier partiet ikkje har konkludert i saka. Ho var sjølv ordførar i Gjesdal då kommunen var med i forsøket med stemmerett for 16-åringar. Bollestad seier til Framtida.no at ho hadde forventningar om større engasjement blant ungdommen enn det ho følte det blei.
– Eg synest det var utfordrande blant anna å snakka eit språk som ungdommane forstår. Det viste seg også at dei var opptatt av dei meir store tinga. Bistand og dei internasjonale forholda, meir enn kommuneplanar og lokal samferdsel.
– Vil du ha ei forlenging av forsøket?
– Eg synest det er viktig å spørja ungdommen sjølv. Det er viktig for meg å få engasjementet lokalt. Viss eg framleis var ordførar, så kunne eg godt vera med på ei forlenging av forsøket, seier ho til Framtida.no.
LES OGSÅ: Fleire 16-åringar kan få stemma i Europa
Kva meiner du? Er det på tide at 16-åringar også får stemma?
Faktaboks
• Ved lokalvalet i 2011 gjennomførte 20 kommunar, i tillegg til Longyearbyen, eit forsøk med stemmerett for ungdom som fyller 16 eller 17 år i valåret. Til saman 9.400 ungdommar deltok.
• 58 prosent av 16- og 17-åringane brukte stemmeretten sin. Talet for dei andre førstegongsveljarane var 46 prosent.
• Dei fleste landa i verda har røysterettsalder på 18 år, men fleire og fleire land har opna for yngre veljar. I fleire tyske delstatar har 16-åringar røysterett i lokalval. I både Østerrike, Brasil, Cuba og Nicaragua er røysterettsalderen 16 år i nasjonale val også.
• I Bosnia, Serbia og Montenegro kan 16- og 17-åringar røysta viss dei har jobb. Av desse landa er det berre Cuba som har ein myndigheitsalder på 16 og ikkje 18.