CNN: Reis til Voss
Nettstaden CNN.com oppmodar lesarane sine om å reisa til Voss for å stå på ski.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
CNN.com har laga ei liste over 15 mindre kjende skidestinasjonar som dei meiner er vel verd eit besøk i løpet av denne vinteren. På lista er reisemål mellom anna i USA, Tyskland, Austerrike, Sveits, Spania, Frankrike og Japan.
Voss er den einaste norske destinasjonen som er nemnd, og vert trekt fram både innan alpint og bortoverski, og som ein familievenleg destinasjon.
Stor pågang
– Det er alltid positivt med slik omtale, seier Erik Østlie i Destinasjon Voss. Han fortel at det er stor pågang frå internasjonal presse for å oppleva Voss.
– Før sa me ja til alt og alle. No er det faktisk slik at me kan vera selektive. Me ynskjer å gjera ein god jobb med dei som kjem, fortel Østlie, som trekkjer fram januarnummeret til Easyjet sitt magasin, der Voss er slått opp over sju sider.
"Best bevarde løyndom"
Tittelen er Welcome to Voss – Norways best-kept winter secret.
– Dei var i vindtunnelen, dei møtte elg medan dei gjekk på ski i Bømoen og køyrde av vegen i Myrkdalen. Så dei fekk full pakke, fortel Østlie.
Sjekk ut denne linken: CNN: Skisenteret