Norske heimar vel ekte juletre
I ei ny undersøking svarar heile 64 prosent av dei spurde at dei har naturleg juletre i år. Berre 22 prosent seier dei har plastjuletre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vel ekte juletre
Sjølv om bransjen sjølv opplyser at salet av juletre i plast stadig aukar, viser undersøkinga utført av Sentio for Nationen at langt dei fleste framleis sver til ekte tre og nåledryss i stova.
Av dei spurde er det 15 prosent som ikkje har juletre i det heile, og blant desse er flest i aldersgruppa 30 år og yngre. I aldersgruppa 31 til 49 år er det heile 70 prosent som har ekte juletre.
Undersøkinga viser også at dei fleste tilhengjarane av ekte og naturleg juletre bur på Vestlandet. Heile 68 prosent av dei som bur på Vestlandet svarar at dei har naturtre i stova. Deretter følgjer Oslo/Akershus med 67 prosent. Sørlandet og Nord-Noreg har færrast brukarar av ekte juletre. Berre 54 prosent i desse landsdelane sver til naturlege tre.
Til saman kjøper nordmenn 1,5 millionar juletre før jul. (©NPK)
LES OGSÅ: Julehjarte for nerdar