Kritiserer E-tenesta sine rutiner
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Utval kritiserer E-tenesta
– Det handlar om seksuell legning, tru, helsetilstand, den typen opplysningar som ikkje er relevante for arkivføringa av kjelda, sa leiaren i EOS-utvalet, Eldbjørg Løwer, då ho måndag overleverte ei særskild melding til Stortinget om bruken av norske kjelder i Etterretningstenesta.
EOS-utvalet er Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingstenesta. Utvalet kritiserer E-tenesta for å ha registrert sensitive opplysningar om familiemedlemmane til kjeldene sine.
Bakgrunnen for saka var uromeldinga utvalet fekk 27. august i år, som førte til ein umeld inspeksjon hos E-tenesta i Hamnelageret i Oslo. Der ville utvalet undersøkje om E-tenesta hadde lagra ulovleg informasjon i arkiva sine. Etter det som tidlegare har vore meldt, skal arkivet innehalde namn på over 400 nordmenn. Eldbjørg Løwer vil likevel ikkje gå ut med noko tal.
LES OGSÅ: Inga stoppeklokke i KRLE
Har gått gjennom alle mapper
Utvalet seier at det har gått gjennom alle mappene med norske kjelder i arkiva til avdelinga. Dei har òg tatt fleire stikkprøver i datasystemet.
Utvalet opplyser at dei ikkje har funne noko som tilseier at E-tenesta systematisk har behandla opplysningar om nordmenn i strid med regelverket. Utvalet meiner likevel at det er tvil om E-tenesta har hatt rettsleg grunnlag for å lagre opplysningar om personar som står kjeldene nært, går det fram av ei pressemelding.
– Det er ikkje systematisk, men i enkelte mapper har det vore registrert for mykje, seier Eldbjørg Løwer.
LES OGSÅ: – Born vert redde når dei ser meg
Irrelevante opplysningar
Utvalet peikar òg på at E-tenesta i visse tilfelle har behandla opplysningar som ser ut til å vere irrelevante eller unødvendige.
Det var første gongen EOS-utvalet inspiserte dette arkivet. Før utvalet gjekk gjennom mappene, vart informasjonen anonymisert. Utvalet har derfor ikkje sett namna på kjeldene til E-tenesta.
EOS-utvalet er Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingstenesta. Utvalet fører tilsyn med både Etterretningstenesta, Forsvarets tryggingsteneste, Politiets tryggingsteneste (PST) og Nasjonalt tryggingsorgan.
LES OGSÅ: – Viser ikkje overvaking i Noreg