Kampen om klumpen

Vi er midt i desember. Eg burde kjenne klumpen i halsen no. Kanskje det feilar meg noko.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Kampen om klumpen

Det er mykje fint med førjulstida. Men det gjer liksom ikkje noko med meg.  Eg kjenner ikkje denne klumpen dei snakkar om. Men sjølvsagt er det mykje eg liker med førjulstida.  

Eg liker å gå ut med gode venner og ete god mat og prate tull, for eksempel. Men det liker eg jo heile året.

Eg liker å kjøpe gåver. Det er fordi eg er skikkelig grei. Litt som Olav Thon, berre hundre år yngre.

Og så liker eg å sjå vaksne menneske med bustete hår, litt for tronge antrekk og upraktiske sko, som går ustøtt i sørpe mot taxihaldeplassen rundt midnatt ein tirsdag. Det er noko av det som gjer meg aller gladast i førjulstida. Det skulle vore meir slikt. Heile året. Ikkje sørpe, men alt det andre.

Og så er det mykje som skjer i Norge og i verden omtrent på denne tida kvart år, som det i alle fall går an å smile av.

For eksempel skjer det kvart år på omtrent denne tida at norske artistar oppdagar at heller ikkje i år er Frelsesarmeen påfallande raus mot homofile.

Og kvart år på omtrent på denne tida er det veldig dårlig vêr, og kvart år blir det markert med at stakkars reporterar blir sendte ut for å rapportere på direkten frå plassar der det verkar veldig lite smart å opphalde seg når det blæs.

Og kvart år på denne tida blir nobelprisvinnarane feira med vitsar om Jaglands engelskuttale, eller – for dei som synest dei har komme litt lenger i livet og er på twitter – diskusjonar om det ikkje snart er på tide å slutte med vitsar om Jaglands engelskuttale.

Og nobelkonserten blir kvart år på denne tida innleidd med ein pressekonferanse der artistane på pressekonferansen blir spurde om artistane som ikkje er på pressekonferansen, og journalistar prøver å finne tekstlinjer dei kan ta ut av samanhengen og konfrontere artistane med, slik at ingen skal mistenke journalistar for å bli blaute berre fordi dei er i same rom som folk som har vore på tv.

Og alt dette er vel og bra. Men det er jo tøysekoppen i meg som liker alt dette. Kvar blir det av klumpen?

Eg trudde Mandela skulle gjere det for meg i år. Då eg forrige veke under middels dramatiske omstende måtte tilbringe ei natt på eit ganske stort hotellrom i Stavanger på grunn av ekstremvêr, og eg skrudde på tv-en på kvelden og fekk vite at Mandela var død, då kjende at dette angjekk meg. Mandela. Dette er mi tid. Dette er vår mann. Eg høyrer til generasjonen som skreiv stil om apartheid (Vi var mot. For ein gongs skuld var det lov å skrive ein stil der du var mot noko, ikkje berre greidde ut og drøfta og konkluderte med at dette er eit vanskelig spørsmål som det finst fleire ulike meiningar om). Eg hugser kvar eg var då eg høyrde at Mandela var fri (Singapore, faktisk. Og dette skriv eg naturligvis først og fremst for å vise for eit interessant liv eg levde i ungdommen).

Så eg trudde at dette, midt i førjulstida, skulle gjere at tøysekoppen tok fri og klumpen kom.

Men dei første dagane etter den triste nyheita, baud først og fremst på litt for mange gjenhøyr på radio med gløymde songar frå ein heilt særeigen musikksjanger som hadde si storheitstid rundt 1990: Songar om og for Nelson Mandela og Sør-Afrika, laga av artistar som bur veldig langt unna Nelson Mandela og Sør-Afrika. Her kunne du høyre europeiske artistar synge gåtefulle og symboltunge tekstar om jordsmonn medan eit kor prøvde hardt å verke afrikansk i bakgrunnen.

Og klumpen let vente på seg.

Og så kom minnemarkeringa. Og kva gjorde eg? Som alle andre. Eg las om to ting frå minnemarkeringa. Det eine var den danske statsministeren som tok kjendis-bilde av seg sjølv saman med Obama og han engelskmannen. Og eg var glad for at det ikkje var ein norsk politikar som gjorde det. Då ville vi alle gravd oss ned av skam og minna denne politikaren om det resten av livet. Litt som med Jagland og engelsken.

Det andre eg var interessert i, var naturligvis teiknspråktolken som ingen forstod. Det er mulig det er ei trist side ved denne saka, og i så fall beklager eg, og ein bør sjølvsagt eigentlig bli forarga over slikt, men ærlig talt: Det er berre for nært den ultimate tøysekopp-fantasien: Å stå framfor store deler av verdens folk og statsleiarar, i dress, med alvorlig ansikt, og tulletolke.

Tøysekoppen vann igjen. Klumpen lar vente på seg.

Men eg gir ikkje opp. Eg tek på meg upraktiske sko, går ut i sørpa og prøver igjen.

Først publisert i Aftenposten.