– Målforma som 90 prosent nyttar hamna i skuggen

Riksmålsforbundet meiner Språkåret 2013 i stor grad vart eit nynorskår. Leiaren i Språkåret meiner bokmålsrørsla sjølv har teke for lite plass.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Språkåret vart eit nynorskår

– Me er i utgangspunktet begeistra for all aktivitet som set fokus på språk, seier Sverre Martin Gunnerud, redaktør i Riksmålsforbundets tidsskrift Ordet.

LES OGSÅ: Gamle røyster – billeg gnål

Vart med til slutt
Språkåret vart offisielt avslutta førre fredag. Allereie tidleg i Språkåret 2013, gjekk leiar i Riksmålsforbundet Trond Vernegg ut i media og etterlyste ein invitasjon til å delta i språkmarkeringa. 

Dei har kome med, gjennom støtte til seminaret Riksmålsforbundet og nynorsken, som fann stad i byrjinga av desember.

For ifølgje Språkåret sine nettsider skal dei: «Gjere også bokmålsbrukarane stolte av den nynorske skriftkulturen».

Språkåret 2013 har i for stor grad har vorte eit nynorskår, seier Gunnerud, og utdjupar:

– Målforma som 90 prosent nyttar har hamna i skuggen. Det betyr ikkje at me ikkje er glade for Språkåret, men at me meiner vektlegginga har vore feil.

LES OGSÅ: – Språkåret har levd sitt eige liv

Målungdom på bokmålsfest
Òg Målungdommen var uroa for at bokmål ikkje hadde fått sin plass i Språkåret og inviterte difor førre veke til bokmålsfest.

«Språkåret 2013 skal etter planen vera ei raus og inkluderande feiring av alt språk i Noreg. Bokmål er eit språk, det er i Noreg, og lyt fylgjeleg også feirast før året er omme. Sidan det ser ut til å ha vore veldig smått med arrangement frå bokmålsrørsla, tek Norsk Målungdom ansvar og skipar til ein real bokmålsfest», står det i invitasjonen frå leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture.

Sture kunne fortelje at det ikkje var det heilt store oppmøtet, men at dei frammøtte kosa seg med opplesing av bokmålsdikt, bokmålssong, bokmålskåseri og 201-årsjubileumstale for Knud Knudsen.

Gunnerud tilbakeviser påstanden om at dei ikkje har markert språkåret og viser til seminaret i desember.

Han tykkjer likevel det er hyggeleg at Målungdommen tok ei bokmålsfeiring.

– Eg tolkar det som at dei har same haldning som oss: at me verdset at Noreg har to skriftspråk, seier Gunnerud.

Meir nynorskengasjement
Leiaren av Språkåret 2013 er ueinig i kritikken frå Riksmålsforbundet om at bokmål har fått for lite plass.

– Det handlar om å gje plass og å ta plass, seier Sæterbakk, og fortel at ingen har fått tildelt plass i Språkåret 2013.

Ho fortel at det har vore fleire som stod parat til å halde arrangement med vekt på nynorsk enn bokmål.