Kreativ sukring av pilla
Masse undersøkingar viser at det i grunnen går ganske greitt i Norge.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kalvø: Kreativ sukring av pilla
Norge er i PISA-sjokk igjen. PISA-undersøkinga er som kjent ein internasjonal test av femtenåringars kunnskapsnivå. Og årets undersøking viser at norske ungdommar berre er sånn middels flinke på skulen, og kanskje ikkje det eingong i matematikk.
Men PISA-undersøkinga viser berre ein liten del av bildet.
Ei anna undersøking viser for eksempel at det står ganske bra til med norske ungdommars evne til å lære seg ting utanat. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som rettnok er litt eldre enn femten, hadde øvd inn ei setning som han skulle bruke i alle debattar om PISA-undersøkinga, i håp om å verke som ein ordentlig statsråd sjølv om han er bustete på håret. Det han hadde øvd seg på å seie var «Jeg synes ikke vi skal overdrive og bruke kreative og fargerike ord på dette, men vi skal heller ikke sukre pillen.» Han rota litt eit par gonger, men det er lov. Stort sett klarte Røe Isaksen å seie dette i alle debattane han deltok i. Det er langt over gjennomsnittet for kunnskapsministrar i OECD-landa, og faktisk nest best i Norden.
Endå ei undersøking viser at berre 1,3 % av folket i Norge veit kva forkortinga PISA står for. 68 % anar ikkje. 12 % trur dei veit kva det står for, men trur feil. 10 % trur det er ein italiensk by. 8% prosent trur det er ein matrett. Og 0,7 prosent trur det er ein dyslektikar som urinerer i preteritum. Dette er faktisk langt over gjennomsnittet i OECD-landa.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (minst 15) meiner desse tala er gledelige, men understrekar også at vi ikkje må overdrive sukringa av pilla og heller ikkje vere for fargerike når vi er krative.
Det har også blitt gjennomført ei undersøking blant vaksne folk som har lese nettartiklar med titlar som «Her kan du teste deg selv i PISA-oppgavene». Det viser seg at så mange som 42% av dei som prøvde seg på oppgåvene til femtenåringane, begynte å kaldsveitte før dei var ferdige med å lese den første oppgåva. 8% begynte å drikke før den andre oppgåva. 4% rapporterte om mareritt der dei blei grilla over open flamme av den gamle mattelæraren sin. 38% meldte seg på kveldskurs. Og så mange som 33% fortalde at dei har begynt å sjå på femtenåringen i huset med heilt nye auge. Til saman blir dette langt over 120%, noko som berre forsterkar alvoret i situasjonen. Ingen andre OECD-land kom over 100%.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som sjølv har vore femten, seier desse tala gir grunn til optimisme. Men han understrekar også at vi ikkje må vere for kreative når vi fargelegg sukkeret, og at det viktigaste er at vi husker å ta pillane våre.
Det viser seg dessutan at 99% av norske politikarar først og fremst synest PISA-undersøkinga er ei kjærkommen anledning til å fortelje at dei sjølve har rett og dei andre tar feil, utan å måtte bruke så mykje tid på å finne ut kva som faktisk går føre seg på skulen. 0,7% av politikarane, derimot, trur PISA var ein dyslektikar som urinerer i preteritum. 0,3%, totalt ein politikar, opplyser at han først og fremst ser på undersøkinga som ein sjanse til å lære seg ganske innfløkte setningar utanat, i håp om å verke som ein ordentlig statsråd sjølv om han er bustete på håret. Desse tala ligg omtrent på OECD-gjennomsnittet. Det er sjølvsagt skuffande, men det er ikkje nødvendig å vere for kreativ og fargerik av den grunn.
Vi må trass alt huske på at det også finst ei pille som skal saltast.
Først publisert i Aftenposten 7. desember.