– Ungdom mistar lesesatsing

Med det nye kulturbudsjettet risikerer Foreningen !les å mista grunnstøtta. Uprisen og Ungdommens kritikarpris er i fare.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statsbudsjettet: Bokprisar i fare

Foreningen !les står i fare for å mista driftsmidlane som eit resultat av det nye kulturbudsjettet. 14,5 millionar kroner skal kuttast i støtta frå Kulturfondet til frivillige organisasjonar.

Kulturrådet skal no avgjera kven som blir berørt av dei varsla kutta, men ingen av dei 85 organisasjonane som i dag får støtte får vita noko før til neste år. Midlane som Foreningen !les mottar utgjer grunnstøtta i organisasjonen, og er heilt nødvendig for eksistensen til foreininga. Dei administrerer og driftar organisasjonen med 5,3 årsverk, og finansierer tiltak i ungdomsskolen, den vidaregåande skulen og på andre arenaer. Konsekvensane ved støttekutt kan bli fatale.

– Dette er kritisk for oss og betyr at me må kutta i administrasjonen og prosjekt som rammar arbeidet med å heva litteraturinteressa og lesedugleikane til ungdom, seier fungerande dagleg leiar i Foreningen !les, Vibeke Røgler.

Litteraturprisar kan ryka
I år er 120.000 ungdomsskuleelevar med på ungdommens txt-aksjon og 125.000 ungdomskuleelevar med på Faktafyk-aksjonen. 35.000 elevar i vidaregåande er med rein tekst-prosjektet.

20 klassar er med på å melda bøker til Uprisen. Sju klassar er jury og 40 elevar har sendt søknad om å få vera med i nominasjonsjury.

Vibeke Røgler seier til Framtida.no at budsjettet gjer framtida usikker for Uprisen. Ungdommens kritikarpris har dei fått støtte for ut 2014, men etter dette er det også usikkert for denne.

LES OGSÅ: Debutantar deler Uprisen

Uroa forfattarar og bibliotek
Biblioteksektoren, lærarar og elevar er bekymra for konsekvensane ved redusert støtte til Foreningen !les.

– Dei siste åra har ein liten organisasjon som Foreningen !les gjort meir for å utvikla litteraturformidlinga i bibliotek og skule enn dei fleste andre nasjonale aktørar, både dei offentlege og kommersielle. Styrk dette laget, seier bibliotekrådgjevar ved Buskerud fylkesbibliotek, Stig Elvis Furset i ei pressemelding frå foreininga.

– Uprisen er eit fantastisk verktøy som ligg klart til bruk kvar haust, og eit prosjekt som passar perfekt til den nye satsinga på ungdomstrinnet. Prisarbeidet gir motivasjon og mestring, seier lærar Hege Fjeld ved Lundenes skole i Troms.

– Foreningen !les gir ungdom eit unikt høve til å læra om samtidslitteratur gjennom Ungdommens kritikarpris, seier elev ved Hamar katedralskole, Lone Segbø Løvaas og får støtte av forfattar Helga Flatland:

– Foreningen !les er ein av dei viktigaste litteraturformidlarane til ungdom. Gjennom Ungdommens Kritikarpris møtte eg fleire elevar som kunne fortelja meg at dei før prosjektet knapt hadde lese ei bok, men som i etterkant hadde begynt å gå på biblioteket utanfor skuletid for å finna nye bøker å lesa. Fleire fortalde også om betre lese- og språkferdigheitar. Ved å kutta støtta til Foreningen !les vil færre ungdommar lesa bøker, og dermed gå glipp av både unike verdifulle opplevingar og verdifull læring, seier ho i pressemeldinga frå foreininga.

Les siste boknytt her!