Skeptisk til å lagre elevmapper

Frå neste år skal mappa skulen har på norske skoleelevar lagrast til evig tid. Riksarkivaren grunngjev dette med dokumentasjon av rettar, men Datatilsynet er skeptisk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skeptisk til å lagre elevmapper

Fram til no har det vore vanleg å destruere elevmappene etter ei tid. Opptil 80 prosent av elevmappene er truleg øydelagt, ifølgje Riksarkivet.

LES OGSÅ: Vil ikkje ha overvaking på skular

Erstatningssaker
 – Mappene vil dokumentere kven som har vore elevar, korleis kvar enkelt har fungert eller ikkje fungert som elev, og korleis skulen og kommunen har handtert opplæringa og undervisinga. Dermed vil mappene kunne brukast i erstatningssaker, opplyser underdirektør Lars-Jørgen Sandberg i Seksjon for bevaring og kassasjon i Riksarkivet til Dagsavisen.

Han fortel at det har vore situasjonar der det ikkje har vore mogleg for tidlegare elevar å vise fram dokumentasjon på tannskadar, hørselsskadar eller skadar generelt, og heller ikkje på om dei har fått den undervisinga dei skal få.

– Med bevaring av alle elevmappene kan ein bevise ting i staden for at det berre blir snakk om gjetting, seier Sandberg.

LES OGSÅ: Vil registrere unge på fest

Meir registrering
 Direktør Bjørn Erik Thon i Datatilsynet er skeptisk til at så mange opplysningar om elevane skal lagrast.

– Vi ser at skulen er i endring, og mykje av det som tidlegare blei lagra på papir blir no lagra elektronisk. Samtidig kjem det stadig større krav om måling av resultat. Dette er legitime formål, men det fører også til at ein registrerer fleire ting om elevane, seier Thon.

Forslaget om oppbevaring er ein del av utkastet frå Riksarkivaren til nye reglar for oppbevaring av kommunale arkiv. Forslaget er ikkje endeleg, det kan bli revidert som følgje av høyringsuttalar, understrekar Riksarkivet.