Vil ikkje lenger ha leksehjelp til alle
Dei borgarlege partia vil avvikle den lovfesta ordninga med gratis leksehjelp for elevar i grunnskulen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil endre leksehjelpa
I dag har alle elevar i første til fjerde klasse rett til minst 1 time leksehjelp i veka. Det vil stortingsfleirtalet no gjere noko med.
Skulen og kommunen avgjer
– Vi vil ikkje fjerne leksehjelpa, men la lærarane avgjere kven som treng det. I skulane er det mykje frustrasjon rundt denne ordninga, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande til NTB.
I budsjettavtalen mellom regjeringspartia, Venstre og KrF planlegg ein å avvikle ordninga med lovfesta rett til leksehjelp og erstatte ho med ei ordning som den einskilde skulen eller kommunen sjølv kan administrere.
Ei utgreiing om dette skal leggjast fram i samband med statsbudsjettet for 2015.