Kan verte ekstra bjørnejakt til våren

I år er det felt fire bjørnar i Noreg. På grunn av talet på saueskadar vurderer Miljødirektoratet å opne for fleire til neste år.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan få felle fleire bjørnar

Talet på saueskadar påført av bjørn auka i enkelte prioriterte beiteområde førre sommar, samanlikna med dei siste par åra. Miljødirektoratet vurderer difor å opne for ekstraordinær felling av bjørn til våren.

LES OGSÅ: Flest svenske ulvar døde

Aukande skadeomfang
– Vi har sett på omfanget av skadar som bjørn har forårsaka denne beitesesongen. I tillegg har vi hatt dialog med rovviltnemndene og fått ei vurdering av beiteområde som kan vere aktuelle for ekstraordinære uttak av bjørn, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

I enkelte prioriterte beiteområde er det påvist fleire bjørneskadar på sau denne beitesesongen, samanlikna med tidlegare år. Særleg gjeld dette område i trøndelagsfylka og i Oppland, i grensestroka mot Hedmark. Direktoratet ser spesielt på desse områda.

LES OGSÅ: Senterpartiet vil ha fri ulvejakt

Fire skotne i år
Stortinget har lagt opp til at lisensfelling skal vere hovudverkemiddelet for å regulere bestanden av bjørn i Noreg, og i år opna Miljødirektoratet og rovviltnemndene for lisensfelling av totalt 18 bjørnar. Lisensfellinga vart avslutta 15. oktober. To bjørnar er skotne av den tildelte kvoten, begge i Stor-Elvdal kommune. I tillegg er to individ blitt skotne på skadefelling i sommar.