NSO er kritiske til opptaksprøvar i høgare utdanning

Norsk studentorganisasjon er positive til at karakterar framleis skal rangere kandidatar til høgare utdanning, men er kritiske til opptaksprøvar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alle skal ha like moglegheiter til å kunne kome inn i høgare utdanning. Me er redde for at ein opptaksprøve vil favorisera ei spesifikk gruppe, nemleg dei som er flinke til å pugga og har nok ressursar til å førebu seg til ein slik prøve.

Det seier leiar i Norsk Studentorganisasjon, Maika Marie Godal Dam, i ei pressemelding.

I dag kom regjeringa sitt opptaksutval med tilrådingar om korleis opptakssystemet bør endrast. Utvalet har sett på korleis opptaket til høgare utdanning fungerer i dag, og har ei rekke ting dei vil endra.

Utvalet vil:

  • Fjerna skilnaden mellom førstegongsvitnemål og ordinær kvote
  • Fjerna høvet til å ta opp att fag for å betre karakterar
  • La søkjarar ta ei opptaksprøve etter svensk modell
  • Fjerna tilleggspoeng for alder, folkehøgskule, førstegongsteneste eller anna utdanning
  • Fjerna kjønnspoeng og innføra kvotar
  • Fjerna særskilde karakterkrav i basisfag for visse studium

NSO vil halda på karakterar

Norsk studentorganisasjon peikar på at det er store endringar, men meiner det er viktig og riktig at karakterar framleis er den viktigaste måten ein rangerer søkjarane etter.

– Det er viktig at systemet opplevast som rettvist. Me er difor nøgde med at utvalet tilrår å vidareføra reglane for å kvalifisera seg til høgare utdanning og at karakterbasert opptak er hovudregelen, seier Godal Dam i pressemeldinga.

Ho håpar no på god dialog med regjeringa i arbeidet vidare med å endra opptakssystemet til høgare utdanning.


Kort forklart: Slik vil utvalet endra opptak til høgare utdanning

Forelesingssal med "Kort forklart"-logoen over.

Kollasj av Framtida. Illustrasjonsbilete frå Dom FoU via Unsplash