Éin av seks ville flytta seg unna ein homofil

Ny rapport: dobbelt som mange sjølvmordsforsøk blant homofile, lesbiske og bifile.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Menn meir redde homofile

I ei ny undersøking seier meir enn kvar sjette spurde mann at dei ville ha flytta seg unna ein homofil på bussen. Rapporten viser også at det er dobbelt som mange sjølvmordsforsøk blant homofile, lesbiske og bifile.

Det kjem fram i den første kartlegginga av levekåra for lesbiske, homofile og bifile (lhb-personar) sidan 1999. Det er Uni Helse som har laga rapporten på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Menns haldningar til homofile og bifile har endra seg i positiv lei sidan 2008, da det vart gjort ei tilsvarande haldningsundersøking. Likevel viser rapporten at 16 prosent av mennene i utvalet ville ha flytta seg lenger unna ein homofil mann på for eksempel bussen.

– Vi er glade for haldningsendringa, men vi bør ha ein nullvisjon for slike negative haldningar. Og vi kan ikkje akseptere at folk i desse gruppene må føle seg utrygge på korleis andre møter dei i kvardagssituasjonane, seier direktør Mari Trommald i Bufdir.

Blant kvinner er haldningane uendra. (©NPK)