– Ny føraropplæring har fungert
I 2005 vart føraropplæringa i Noreg lagt om. Ei evaluering viser at omlegginga har fungert, ifølgje Statens vegvesen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny opplæring gav tryggare vegar
– Den nye opplæringa gir meir reflekterte og trafikksikre sjåførar og er med på å redde liv i trafikken, skriv Statens vegvesen på eigen nettstad.
Hovudmålet med å gjere om på føraropplæringa var at opplæringa skulle vere ein god bidragsytar til nullvisjonsarbeidet.
LES OGSÅ: Lettare å få køyreopplæring
– Det har vore ein sterk nedgang i talet på drepne og hardt skadde i trafikken, frå over 1200 i 2005 til 844 i 2012. Vi meiner at god føraropplæring kan ha medverka til den positive trenden, uttaler Bente Skjetne, leiar for trafikkopplæringsseksjonen i Statens vegvesen, på nettstaden.
Ein viktig del av endringane som er gjort er å forsterke bevisstgjeringa og refleksjonen i opplæringa for å påverke til meir varige åtferds- og haldningsendringar hos elevane, opplyser vegvesenet. (©NPK)