KrF avviser at Lofoten vart brukt i bytehandel

Kristeleg Folkeparti avviser kategorisk at partiet kravde ein K for kristendom i namnet på RLE-faget for å gå med på vern av Lofoten og Vesterålen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avviser Lofoten-bytehandel

Under trontaledebatten i Stortinget tysdag sa Venstres leiar Trine Skei Grande, ifølgje Vårt Land, at ho var «villig til å gi ein K i eit fag for vern av Lofoten og Vesterålen».

– Den var eitt av mange småpunkt vi måtte gi. Eg gav meg på ein bokstav, men det var verdt det. Det er berre å kikke utover havet der, så er saka klar, sa ho, ifølgje avisa.

KrFs parlamentariske nestleiar Hans Olav Syversen meiner på si side at denne framstillinga av saka er djupt misvisande.

– Det stemmer i det heile ikkje at K-en i KRLE er komme inn fordi vi «handla» med Lofoten og Vesterålen, seier Syversen til NTB.

Ifølgje Syversen er vern av Lofoten og Vesterålen eitt av dei viktigaste punkta i samarbeidsavtalen, også for KrF.

– Vi har alltid vore einige med Venstre om Lofoten og Vesterålen. Vi har stått saman med Venstre i denne saka, seier han.

Syversen er bekymra for at eit feilaktig inntrykk skal feste seg i saka.

– Det er mange som lurer på om løftet vi gav i valkampen, vart gått ifrå ved forhandlingsbordet, seier han.

Ifølgje samarbeidsavtalen skal RLE-faget skifte namn til KRLE (kristendom, religion, livssyn og etikk). (©NPK)