Wikipedia mistenkjer betalt innhald

Wikipedia har blokkert meir enn 250 brukarar, etter mistanke om snikreklame.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Wikipedia: – Eit seriøst problem

– Det ser ut til at kanskje fleire hundre brukarar har vorte betalt for å skrive artiklar som promoterer ulike organisasjonar og produkt, skriv ansvarleg redaktør Sue Gardner i ei melding på sidene til Wikimedia Foundation.

Wiki-PR
Verdas største opne nettleksikon har lenge hatt mistanke om at nokre PR-byrå nyttar falske profilar for å redigere innhald om klientane sine. No har dei blokkert 250 brukarar for å få bukt med problemet.

Ifølgje Wikipedia sine eigne etterforskingar kjem fleirparten av det tvilsame innhaldet frå eit amerikansk selskap kalla Wiki-PR, melder BBC.

Selskapet Wiki-PR opererer med slagordet: “Manage your image”, og skal ha ansvar for rundt 12.000 Wikipedia-sider på vegne av personar og selskap.

– Seriøst problem
Det er engelskspråklege Wikipedia-brukarar som no er under gransking, men det er likevel ei påminning til norske lesarar om at ein ikkje skal stole blindt på oppslagsverket.

– Målet vårt er å formidle nøytral, sikker informasjon for lesarane, og alt som trugar det er eit seriøst problem, skriv Gardner.

Ho åtvarar om at firma som freistar å promotere seg på den måten risikerer å skade ryktet sitt.

Til BBC uttalar direktør Jordan French i Wiki-PR at PR i namnet deira er misvisande, fordi dei er eit undersøkings- og skrivefirma.