Norske filmar fekk prisar i Chicago

Dei to norske spelefilmane «Tusen ganger god natt» og «Pionér» vart begge prisa på Chicago International Film Festival i USA i helga.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske filmar haustar prisar

«Tusen ganger god natt» vann The Founder's Award for beste film, medan «Pionér» fekk pris for beste foto.

LES OGSÅ: Viser fram Noreg i ny Disney-film

Festivalstiftaren sin pris
Årets filmfestival i Chicago var den 49. i rekka. Festivalen er styrt av stiftaren Michael Kutzka som er kunstnarisk leiar og det var hans eigen pris, The Founder's Award, som gjekk til Erik Poppes film.

«Tusen ganger god natt», som hadde noregspremiere fredag 18. oktober, vann prisen i konkurranse med alle dei andre filmane på festivalen.

LES OGSÅ: Nominert til Nordisk råds filmpris

Sterk krigsfotograf
Hovudrolleinnehavaren Juliette Binoche blir trekt spesielt fram av juryen som meiner framstillinga hennar av Rebecca er den sterkaste og mest minneverdige rolletolkinga hennar nokon gong.

«Tusen ganger god natt» hadde verdspremiere på filmfestivalen i Montreal, der han fekk juryens grand prix for beste film. Michael Kutza sat også i juryen i Montreal.

LES OGSÅ: «Kompani Orheim» til topps

Dykkefoto
Chicago International Film Festivals pris The Silver Hugo for beste filmfotografering gjekk til Jallo Faber for arbeidet hans med Erik Skjolbjærgs film «Pionér».

Juryen uttaler at Faber får prisen for å ha gitt filmen eit spennande og medrivande cinematisk uttrykk. Pioner hadde noregspremiere 30. august.

Chicago International Film Festival er Nord-Amerikas eldste konkurransefestival og viser årleg 150 filmar frå over 50 land.