Menn utløyser flest trafikkulukker
– Menn køyrer oftare enn kvinner for fort, er oftare rusa og brukar sjeldnare bilbelte. Derfor er dei i større grad enn kvinner årsak til dei mest alvorlege trafikkulukkene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Utløyser flest trafikkulukker
Det seier Magnus Larsson i Statens vegvesens ulykkesanalysegruppe.
Ein ulukkesanalyse for Austlandet over trafikkulukker i 2012 viser at åtte av ti dødulukker vart utløyste av menn.
– Sjølv om vi tek omsyn til at menn generelt køyrer meir bil enn kvinner, er tala urovekkjande. Menn har høgare risiko for å bli hardt skadde eller drepne, noko som truleg kjem av at dei ulukkene som menn er involverte i skjer i høgare fart enn blant kvinner, seier Larsson.
Han trur menn har noko å lære av risikovurderinga til kvinner.
– Kvinner generelt er meir forsiktige i trafikken. På dette området treng vi meir forsking om kjønnsforskjellane. Vi ser no at kvinnene på enkelte område tek etter menn, særleg gjeld dette mobilbruk under køyring. (©NPK)