LO-leiaren sjokkert over blåblå landbrukspolitikk
Gerd Kristiansen meiner LO bør gå saman med bøndene og fiskarane for å stå imot høgrebølgja.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sjokkert over landbrukspolitikk
– LO som organisasjon reagerer kraftig på måten landbruket blir behandla på i erklæringa. Landbruket og fiskerinæringa er grunnlaget for industrien i distrikta, og dermed også for arbeidsplassane til titusenvis av LO-medlemmer, seier Kristiansen til Klassekampen.
LES OGSÅ: Slik vil dei endra Noreg
Sentraliseringspolitikk
Den påtroppande regjeringa legg opp til kutt i landbrukssubsidiane og vil samtidig at fiskeriet i større grad skal baserast på få og større hamner.
– Dei seier det ikkje rett ut, men politikken til Høgre og Frp er ein motor for sentralisering av Noreg. I primærnæringane finst grunnlaget for lokale arbeidsplassar, spreidd busetjing og eit velutbygd, desentralisert velferdstilbod. Forsvinn bøndene og fiskarane, riv du teppet under heile det systemet, seier ho.
LES OGSÅ: – Historisk godt nynorskvedtak i LO
Raudgrøn møteplass
Kristiansen meiner derfor det er nødvendig å samarbeide med organisasjonane til bøndene og fiskarane, og å få på plass ei brei plattform av rørsler slik at høgrebølgja kan erstattast med raudgrøn politikk frå 2017. Arbeidarpartiet er den hovudallierte for LO, understrekar ho, men seier det er interesse i LO for å vidareutvikle møteplassar for heile den raudgrøne rørsla.