Positivt lærarløft – usikker finansiering

Utdanningsforbundet meiner at det er lite tydeleg korleis den nye regjeringa skal finansiere utdanningstiltaka.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Saknar pengar til lærarløft

– For at tiltaka i denne erklæringa skal kunne gjennomførast, er det naudsynt med ein styrka kommuneøkonomi, elles er det berre tomme løfte, seier Ragnhild Lied, leiar i Utdanningsforbundet, på deira nettsider.

LES OGSÅ: Held på sidemål – droppar mållova

Konkurranseskule
Utdanningsforbundet meiner at ambisjonane om ei meir interessant sidemålsopplæring er gode.

I tillegg trekk Lied særleg fram det varsla lærarløftet som positivt. Planane er at lærarutdanninga skal utvidast til ein femårig master, i tillegg til at det skal satsast på etter- og vidareutdanning.

– Det er viktige og positive ambisjonar. Samstundes må me konstatera at regjeringserklæringa ikkje følgjer dette opp med ein uttrykt vilje til å gje lærarane handlingsrom og tillit, seier Lied, og legg til:

– Me ser òg at erklæringa tenderar mot å vektleggja kartlegging, måling og veging, altså kontrollaspektet, i stor grad. Dette kan føra til at me går mot ein konkurranseskule i staden for ein allmenndannande kunnskapsskule.

LES OGSÅ: Slik vil dei endra Noreg

Skuffa over klima
Leiaren i Utdanningsforbundet er kritisk til at det vert lagt til rette for auka privatisering, i tillegg meiner ho at den komande regjeringa sine ambisjonar for meir kvalitet i barnehagen er for svake.

– Barnehagen er trass alt det første steget i utdanningsløpet. Her leggjast grunnlaget for vidare utvikling og læring.

 Eit anna punkt som skuffar, er at regjeringa ikkje har løfta fram klimautfordringane som ei av sine viktigaste saker.

– Frå eit lærarperspektiv er det påfallande at ikkje klima- og miljøutfordringane har fått ein plass mellom desse, seier Lied.