Støre åtvarar om svært tøffe tak i statsbudsjettet

Ikkje på sine over 20 år i Storting og regjering har Jonas Gahr Støre (Ap) teke tøffare tak som politikar enn med innstrammingane i statsbudsjettet for i år.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har vore med i regjering og Stortinget i 20 år. Og det er ikkje teke tøffare tak enn vi må gjere no. Det er ikkje fordi det er spesielt triveleg, men fordi vi meiner det er rett og nødvendig. Og då må vi stole på det, seier statsministeren til NTB.

– Trur du mange blir skuffa?

– Det trur eg nok. Fordi mange hadde nok ønskt seg meir. Men eg håpar etter kvart at det er forståing for at dette er rette grep å ta, seier Støre.

I samband med Stortingets opning denne veka har NTB teke ein prat med både statsministeren og dei største opposisjonspartia om forventningane til statsbudsjettet for i år, som blir lagt fram torsdag.

– Må ta tak tidleg

Både Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har fleire gonger åtvara om at budsjettet for i år blir svært stramt, og at mange kan bli skuffa.

– For første gong på fleire tiår så møtest vår del av verda av inflasjon. Viss den bit seg fast på eit høgt nivå, så får vi store problem. Då må vi ta tak tidleg, og dei taka er det tøffe å ta, seier Støre.

Han viser til at Noreg dei siste tiåra stadig har utvida velferdssamfunnet og styrkt viktige ordningar.

– Dette blir eit budsjett som har mindre av det. Fordi no er noko viktigare.

Regjeringa må forhandle med SV og Audun Lysbakken for å få budsjettet gjennom i Stortinget. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB / NPK

SV: Omfordeling viktig

Opposisjonspartia har vorte førebudde i fleire månader på eit stramt budsjett. Men SV-leiar Audun Lysbakken har likevel tydelege krav til kva regjeringa må levere på.

– For det første vil det vere veldig avgjerande for oss at det blir omfordelt kraftig. At ein prioriterer folk som blir ramma av dyrtid og stigande prisar, og sørgjer for at dei rikaste betaler meir, seier han til NTB.

SV er den føretrekte forhandlingspartnaren til regjeringspartia om budsjettet, og sit dermed på nøkkelen til å sikre fleirtal for budsjettet i Stortinget.

– Vi kjem også til å vere veldig på utkikk etter kva regjeringa melder når det gjeld klima, og om dei ligg i rute for å nå klimamåla. Det fryktar vi at dei ikkje gjer, og det vil jo bli veldig sentralt også i forhandlingane, seier Lysbakken.

Høgre-leiar Erna Solberg forventar at regjeringa leverer på omstilling. Arkivfoto: Berit Roald / NTB / NPK

Høgre: forventningar på omstilling

Høgre-leiar Erna Solberg forventar at regjeringa leverer i statsbudsjettet når det gjeld «den store omstillinga av samfunnet».

– Det gjeld klima og miljø, men det gjeld også konkurransekrafta til norsk næringsliv. Vi må gå i rett retning, fordi vi skal skape mange nye jobbar i åra som kjem. Det andre er at vi sjølvsagt må stille opp for både Ukraina, forsvaret vårt, og tryggleiken i Noreg.

Frp-leiar Sylvi Listhaug ber regjeringa gripe inn. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Frp: Dropp skatteauke

Frp-leiar Sylvi Listhaug ber regjeringa droppe planar om auka skattar i statsbudsjettet.

– Det verkar som feil medisin at ein prøver å innbille folk at det står veldig dårleg til og derfor må ein auke skattane. Det stemmer ikkje. Noreg har aldri tent meir pengar enn vi gjer no og har alle moglegheiter til å hjelpe befolkninga gjennom dette prissjokket, seier ho.

Ho ber mellom anna om kutt i straumprisen ned til maks 50 øre per kilowattime.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes. Foto: Ihne Pedersen/Raudt

Raudt: må møte forskjellskrisa

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes peikar på aukande fattigdom.

– Vi treng eit budsjett som møter den forskjellskrisa vi er oppe i no. Vi har 400.000 hushald som slit, ei dobling på eitt år. På grunn av skyhøge straumprisar, daglegvareprisar og doble renteaukar. Eg håpar og trur at regjeringa tek tak i det, seier Moxnes.

Han håpar også at regjeringa tek steg for å fase ut den kommersielle velferda.

Venstre-leiar Guri Melby. Foto: Mona Lindseth / Venstre.no

Venstre: Klima og Ukraina

Venstre-leiar Guri Melby vil gjerne ha konkrete forslag i budsjettet for å styrkje Forsvaret i Noreg, men også for å styrkje Noregs bidrag i Ukraina.

I tillegg trekkjer ho fram etterverknadene etter koronapandemien og klimakrisa.

– Det er viktig at vi held fram kampen for å få ned utsleppa, og få til den grøne omstillinga i Noreg. Vi må ikkje skattleggje bedriftene i hel, men sørgje for at dei har eit overskot til å kunne gjere nye investeringar og leggje om drifta for å få ned energiforbruket.

Vedum og Støre må bli einige om sin versjon av statsbudsjettet før dei kan forhandle med andre parti. Foto Støre og Vedum: Ole Berg-Rusten / NTB, illustrasjonar Canva, kollasj Framtida.no