Fransk fotballby nektar å syne kampar frå Qatar-VM
Lokalstyresmaktene i Lille tek avstand frå VM-vertslandet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Laurdag annonserte borgarmeister Martine Aubry at Lille ikkje kjem til å syne kampar frå det komande fotball-VM-et på storskjerm.
På Twitter skriv ho at eit samrøystes kommunestyre har røysta for ei erklæring som fordømmer at verdsmeisterskapet vert halde i Qatar.
– [Det] gjev ikkje meining når det kjem til menneskerettar, miljøet og sporten, skriv Aubry.
Det var Reuters som først skreiv om saka.
«Verdsmeisterskapet i skam»
Qatar fekk tildelt verdsmeisterskapet i 2010, og sette då i gang ei rekkje storstilte byggjeprosjekt. Nye fotballstadion, ny flyplass, ny metro og kring 100 nye hotell har vorte bygde for å ta imot hordane av nasjonallag og fotballfans, ifølgje BBC.
Kring 30.000 utanlandsarbeidarar skal ha vorte tilsette berre for å byggje stadiona. Flesteparten kom frå Bangladesh, India, Nepal og Filippinane.
VM-tildelinga har i etterkant fått krass kritikk frå fleire hald. I fjor melde avisa The Guardian at fleire enn 6500 utanlandsarbeidarar har døydd i Qatar mellom 2010 og 2020. Styresmaktene i Qatar meinte talet var misvisande.
I 2016 kalla Amnesty International Qatar-VM «verdsmeisterskapet i skam», og peika på vilkåra for utanlandsarbeidarane. Organisjonen viste mellom anna til dårlege buforhold, månadar utan løn, trugslar og tvangsarbeid.
I åra etter tok Qatar grep for å betre vilkåra, men i november 2021 peika Amnesty på utanlandsarbeidarar framleis vart utnytta.
Oppdatering, 4. oktober kl. 09.52: Heller ikkje Paris kjem til å syne VM-kampar på storskjerm, melder France24.
- Les også: Slik demonstrerer Danmark mot VM i Qatar