Bison i svenske skogar
Europeisk bison, også kalla visent, kan bli plassert ut i Sverige.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil sleppe fri dyr på 900 kilo
Målet for nettverket Europeean Bison Conservation Centre er at dyret skal få streife fritt i naturen.
Visenten er eit flokkdyr som et grasvekstar og kvistar. Han er meir grasetande enn elg og har ein variert meny. Dyret kan bli opp til 900 kilo og opp mot 1,88 meter høg.
Den utryddingstrua arten kan no bli plassert ut i lauv- og blandingsskog i Sør-Sverige, skriv lantbruk.com. Idag finst eit 40-tals dyr i ei viltinnhegning i Blekinge i Sverige, men EBCC ønskjer at dyret skal få gå fritt i naturen.
Det blir opp til det svenske Naturvårdsverket å gi løyve til dette, og det er skepsis til å sleppe ut nye artar, sjølv om det fanst bison i Skandinavia for svært lenge sidan. Bison kan derimot gjere nytte for det biologiske mangfaldet og hjelpe til å halde landskapet ope. Svenskane skal no sjå på erfaringar som er gjort andre stader.
Villflokkar av visenten finst i dag Polen, Ukraina, Russland, Kviterussland og Litauen. Det er plassert ut ein liten flokk i eit fjellområde aust for Köln i Tyskland og det er planar om å setje ut ville visentar på den danske øya Bornholm. (©NPK)