20 millionar til kystberedskap

Redningsselskapet har hatt rekordhøg aktivitet i sommar. Med auka midlar kan dei få fem nye skøyter.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

20 mill til Redningsselskapet

 Regjeringa vil auke løyvingane til Redningsselskapet med 20 millionar kroner på neste års statsbudsjett. Det kunngjorde fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då dei vitja Redningsselskapet i Måløy tysdag.

– Løyvinga frå Kyst- og fiskeridepartementet aukast frå 56 millionar til 76 millionar kroner. Redningsselskapet vil bruke midlane til å styrke beredskapen med fleire redningsskøyter og auka satsing på førebyggjande arbeid, heiter det i ei pressemelding frå Redningsselskapet.

– Det er svært gledeleg at vår søknad om auka støtte til å møte dei mange nye utfordringane langs kysten er blitt høyrd. Alle politiske parti er no samde om auka støtte til Redningsselskapet. Det gir den føreseielegheita vi treng for å drifte redningsskøytene, seier president Nicolai Jarlsby i Redningsselskapet.

LES OGSÅ: Du kan registrere farer i sjøen

Frå 42 til 47 skøyter
Redningsselskapet har eit mål om å kunne nå alle som treng hjelp innan en time sør for Nord-Troms.

– I første omgang skal vi tette dei romma der beredskapen i dag er for dårleg, som i Harstad, Ålesund, Stord og ytterlegare to stader. I dag har vi 42 skøyter. Med 47 redningsskøyter blir det endå tryggare å ferdast langs kysten vår for både fritidsfartøy og yrkesfartøy, understrekar Jarlsby.

LES OGSÅ: Kystverket vil ta bil-lappen frå båtsynderar

4000 oppdrag i sommar
Redningsselskapet sin generalsekretær, Rikke Lind, fortel at redningsskøytene har hatt eit rekordhøgt aktivitetsnivå i sommar med over 4000 oppdrag, inkludert enkelte alvorlege hendingar.

– Det er flott at nordmenn igjen brukar sjøen aktivt om sommaren. Samstundes veit vi at rundt 30 menneske hamnar i fritidsbåtulukker kvart år. Vi trur auka beredskapskapasitet og ytterlegare satsing på langsiktig førebygging vil kunne redusere dødsulukkene. Vi er her for båtfolket, og denne løyvinga gjer at vi kan nå fleire med både assistanse og meir akutt hjelp i tida framover, seier Rikke Lind.

Lind trur at nye redningsskøyter også vil aktivere enda fleire frivillige til å jobbe for Redningsselskapet.

– Mange ønskjer å bidra med sin innsats for en trygg og god kyst. Samhandlinga mellom redningsskøytene med faste tilsette og frivillig mannskap, gjer at vi i Norge har ein stor og unik breidde i beredskapen, understrekar Lind.

– Med denne auken i tilskotet er det no full samrøystes oppslutning mellom alle parti om auka støtte til Redningsselskapet. Det gir oss den føreseielegheita vi treng for å sikre beredskapen til sjøs i åra som kjem, avsluttar Nicolai Jarlsby.

LES OGSÅ: Daudmannsknapp gav NM-siger