Uroa for LAN-avgift

I Sverige har dei fått avgift på datatreff, dette uroar norske arrangørar. 

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar for dataparty

– Å innføre ei slik avgift vil vere ein alvorleg trugsel for norske datatreff, sa Andreas-Johann Ulvestad pressetalsmann i organisasjonen KANDU til NRK.no.

LES OGSÅ: Dataspel reddar ungdommen

Uroa for bygdene
Organisasjonen KANDU arrangerer fleire datatreff i Noreg, og Ulvestad er særleg uroa for effekten dette kan ha for datatreff i bygdene og distrikta.

I sommar vart det obligatorisk for arrangørar av datatreff i Sverige å søkje om løyve. Datatreffa, ofte kalla LAN (Local Network Area) kostar i Sverige 3.000 kroner for 10 maskiner. For 11 til 25 datamaskiner må arrangørane med 10.000 kroner og for enda større LAN-treff kostar det 36.000 kroner, ifølgje VG.no.

I tillegg kjem ei avgift for tilsyn og kontroll med arrangementet.

LES OGSÅ: Døgnvill datafest

Naturleg å sjå på Sverige
Direktør i Lotteritilsynet Atle Hamar seier at om dei skal vurdere ei slik avgift i Noreg vil det vere naturleg å sjå på ordninga som er innført i Sverige.

– Vert det organisert konkurransar der det kostar pengar å delta, det er pengepremiar involvert og det er tilfeldigheiter som avgjer kven som vinn, kan det definerast som pengespel, seier Hamar til NRK.no.

Det vert Kulturdepartementet som til sist avgjer om ei slik avgift skal innførast òg her til lands.

LES OGSÅ: Tek sats med datatreff