Ap på rikingtoppen før valkampen

Takka vere LO har Arbeidarpartiet fått inn mest pengar på valkampbidrag før partia gjer seg klare for siste innspurt i haust.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje får partia frå rike vener

Arbeidarpartiet har fått bidrag på over 8 millionar kroner, mest av alle partia. Seks millionar kjem frå LO.

I valåret publiserer Statistisk sentralbyrå ei kontinuerleg oversikt over inntektene til partia. Det er berre summar over 10.000 kroner som vert registrert.

Av dei seks millionane som har funne vegen til hovudorganisasjonen i Høgre, har Stein Erik Hagens Canica og forretningsmannen Christen Sveaas bidrege med høvesvis 1 og 2,5 millionar kroner.

Blant dei andre partia har SV fått inn 2,3 millionar kroner, Sp 1,9 millionar, Frp rundt 900.000, Venstre drygt 200.000 og KrF 75.000 kroner. (©NPK)