– Svært omfattande arbeid
Barne-, Likestillings- og Inkluderingsdepartementet svarar på kritikken frå Døveforbundet og Uloba.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I juli ratifiserte Noreg FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Førre veke kritiserte både Døveforbundet og Uloba norske myndigheiter for å vere ei sinke.
– Noreg har brukt unødvendig lang tid på å gjere lovendringane, sa Bjørn A. Kristiansen i Døveforbundet.
Statssekretær i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Kjetil Andreas Ostling, svarar at lovgjennomgangen har vore eit svært omfattande arbeid.
Prøv deg på språkdirektørens teiknspråkquiz!
Tidkrevjande arbeid
– Generalforsamlinga til FN vedtok konvensjonen 12. desember 2006. Noreg underteikna konvensjonen tre månader seinare. Dette signaliserte at vi hadde til hensikt å følgje intensjonen til konvensjonen, og ratifisere den på eit seinare tidspunkt, skriv Ostling i ein epost.
– I dette tilfelle har norske myndigheiter gjentekne gongar signalisert at vi har til hensikt å ratifisere når lovverket er i tråd med konvensjonen. Norsk praksis er å ikkje ratifisere før dette er tilfelle. Denne konvensjonen er svært omfattande og rører ved mange samfunnsområde. Lovgjennomgangen har difor vore eit svært omfattande arbeid, skriv Ostling.
Konklusjonen etter gjennomgangen var at Vergemålslova måtte endrast for å vere i tråd med konvensjonen. Resten av regelverket vart ifølgje statssekretæren funne å vere i tråd med konvensjonen.
– Dette arbeidet er no avslutta, og vi kan glede oss over å ha fått ei betre vergemålslov og at vi har ratifisert ein svært viktig konvensjon.
Omfattande klagetilgang etter norsk lov
Døveforbundet og Uloba var òg kritiske til at tilleggsprotokollen endå ikkje er ratifisert. Denne handlar om retten til å klage, og organisasjonane meiner konvensjonen har lite praktisk betyding utan klagerett.
– Kvifor er ikkje tilleggsprotokollen ratifisert endå?
– Ei eventuell signering av tilleggsprotokollen er til vurdering, skriv Ostling.
– Kva praktisk betyding har konvensjonen utan tilleggsprotokollen?
– Norsk lovgjeving gir norske innbyggjarar omfattande klageåtgang. Alle saker som skal til eit internasjonal klageorgan må ha vore gjennom alle norske klageinstansar først. I praksis vil dei aller fleste sakene verte avklara nasjonalt, og dei færraste vil ende i eit internasjonalt klageorgan.
Døveforbundet uttala òg at dei støtta Fellesrådet for funksjonshemma sitt krav om at Likestillings- og diskrimineringsombodet må få midlar til å følgje opp konvensjonen.
– Det vil vere lakmustesten på om myndigheitene verkeleg meiner alvor om å følgje opp intensjonane bak konvensjonen, sa Kristiansen.
Ostling kan ikkje svare på om ombodet vil motta slike midlar.
– Budsjettspørsmål blir handsama i samband med statsbudsjettet som vert lagt fram i oktober kvart år, svarar han.