450 studium søkjer studentar
36 lærestader har framleis ledige studieplassar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
450 studium ved 36 lærestader har framleis ledige studieplassar, viser ei ny oversikt frå Samordna opptak.
Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Telemark har begge 42 studium med ledige plassar før ein ny søkjerunde startar laurdag morgon. Dei to lærestadene har flest ledige plassar av alle studiestadene i oversikta.
LES OGSÅ: Faga ingen vil studere
Universitetet i Oslo, den største lærestaden i Noreg, har berre to studium med ledige plassar, nemleg teologi og kristendom, i tillegg til profesjonsstudiet innanfor same fag.
Arkitektur- og designhøgskolen, Betanien diakonale høgskole, Haraldsplass diakonale høgskole, Høyskolen Diakonova, Lovisenberg diakonale høgskole, Norges Handelshøyskole, Noregs idrettshøgskole, Noregs veterinærhøgskole, Politihøgskolen og Universitetet i Bergen hadde ingen ledige plassar då oversikta vart publisert.
Realfagsløft
Over 83.000 søkjarar har fått tilbod om studieplass, 4.000 fleire enn i 2012. Medan talet på tilbod om barnehagelærarutdanning har gått ned med nesten 9 prosent, er realfag og teknologistudium av dei som har sendt ut rekordmange tilbod. Her blir det vist til ein auke på 7 og 11 prosent sidan i fjor, melder Kunnskapsdepartementet.
LES OGSÅ: Fleire vil blir lærar
– Det er svært bra at desse utdanningane også i år opplever vekst i opptaket. Noreg kjem i tida framover til å trengje fleire realfags- og teknologikandidatar, seier statssekretær Ragnhild Setsaas i ei pressemelding.
Strengare i politiet
Politiutdanninga ved Politihøgskolen (PHS), som berre hadde juss- og siviløkonomutdanning framfor seg på lista over studium med flest første valssøkjarar i mai, fann om lag 900 søkjarar kvalifiserte etter å ha teke inn over 1.500 personar til opptaksprøver. Kriteria er dei same som før, men skulen har vorte strengare i vurderinga av blant anna brot på fartsgrensene på rulleblada til søkjarane.
– Vi har praktisert ei strammare vurdering av vandel innanfor det regelverket vi har, og i tillegg vore strengare når det gjeld den samla vurderinga av kor skikka ein person er for studiet. Til saman har dette medverka til at vi har kome ut med same tal kvalifiserte søkjarar ved opptaket i år som i fjor, trass i fleire søkjarar, seier Laila Mjelde ved Politihøgskolen.
LES OGSÅ: Når skulen støyter deg ut