Rår frå Don Juan-sjekking

Her får unge turistar råd om korleis dei kan skaffe seg ein norsk ferieflørt.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar sommar sidan 1990 har UngInfo gitt råd til unge budsjetturistar. I år skiltar dei med gratis sykkelutlån og flørtetips.

To knallgule syklar
– Er du mellom 13 og 26 år kan du låne ein sykkel heilt gratis. I første omgang har vi to knallgule syklar med vimplar og det heile. Dei er ikkje fancy, men dei funkar. Og om tilbodet blir veldig populært kan det godt hende vi utvidar med fleire syklar. Vi hadde to innom her i går, som var veldig nøgde, fortel Sigrun Tara Øverland hjå UngInfo.

LES OGSÅ: Sommarjobb: Syden-testar

Informasjonssenteret er del av det europeiske nettverket Use-It, som gjev turistinformasjon til unge budsjetturistar. Use-It har avdelingar i meir enn tretti byar, frå Brüssel, Praha og Helsinki, til Thessaloniki, Cork og Cordoba.

Informasjonssenteret er ikkje-kommersielt og gratis. Utanom å hjelpe tilreisande ungdom, gir dei også råd til lokal ungdom, om alt frå utdanningsval og jobbsøking, til bustadjakt, informasjon om helsetilbod og mogelegheiter i utlandet.

Dropp spanderbuksene
På kontoret i Oslo sentrum kan ein mellom anna ein få tak i gratis Oslo-kart, tips til billege etestader, og, ikkje minst, gode råd i jakta på ein norsk ferieflørt.

LES OGSÅ: Med elva som livsstil

– Nordmenn er kanskje ikkje som alle andre når det kjem til sjekking. Vi rår turistane til å droppe dei cheesy Don Juan-replikkane, som sjeldan funkar så bra her. Andre tips er at ein ikkje treng å spandere ølen, at ein kan dele rekninga, og at også jentene kan ta initiativ, seier Øverland.

Saman med resten av gjengen i UngInfo, rettleiar ho unge på tur i Oslo, peikar ut kjende attraksjonar som Operaen, gir råd om vitje til dømes Vigelandsparken og ambassadestrøket på Vestkanten, og sender turistane til Grünerløkka for å møte andre unge.

– Mange hadde elles berre gått på Karl Johan, og gått glipp av mykje, seier Øverland.

– Kva attraksjonar er budsjetturistane mest opptekne av?

– Særleg russarane spør ofte etter IceBar, ler Øverland.

LES OGSÅ: Fansen som slår belieberane