Fotballgutar truga på livet

Dei afghanske gutane som deltok på Norway Cup, vert truga på livet etter medieeksponering.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det afghanske fotballaget Faryab United blei ein gjengangar i norske aviser då dei var med under Norway Cup i 2009 og 2010. No blir gutane truga på livet i heimlandet på grunn av deltakinga.

Leiar og talsmann for fotballaget, Haji Naqib, fortel at det er bilete av gutane lagt ut på Internett som skapar problem.

LES OGSÅ: Lang veg til demokrati

– I Noreg blei vi kontinuerleg eksponerte i media. No har sentrale opprørarar i Faryab-provinsen i Afghanistan både namn og bilete av ungdommane som var på besøk, seier han til VG.

Naqib meiner Forsvaret, som stod for regien rundt opphaldet, var opphengt i mediemerksemda og reklame for seg sjølv. No blir familien hans og fleire av gutane truga kvar dag av lokale opprørarar og Taliban-vennlege afghanarar. Etter det VG fortel har også barneombodet overfor Forsvaret streka under moglege negative konsekvensar for barna.

LES OGSÅ: Mugabe møter mystisk motstand

Talet på valdshandlingar i området har auka mykje etter at norske soldatar trekte seg ut av området i oktober 2012.

Pressetalsmann i Forsvaret, Gjermund Eide, seier Forsvaret ikkje kjenner seg att i kritikken. Han peikar på at deltakinga har ført til mykje positivt for gutane og at dette blei støtta av dei lokale styremakta i Afghanistan.

LES OGSÅ: Vend heim