Hjernen er ledig

Du trur du veit det er sommar når alle tv-program blir laga ute og har eigen kokk. Men det er ikkje sant.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Du trur du veit det er sommar når syttiåringar syng på store scener i norske byar. Det er forsåvidt sant. Men det er ikkje nok. Ein syttiåring gjer ingen sommar.

Du trur du veit det er sommar når du les nyheiter som «Spis deg ferieslank» (som om det skulle vere eit mål). Eller «Slik kan du lese nyheter over hele verden i sommer», der du får all informasjonen du treng om korleis du overalt i verda kan komme deg på nettet utan å bli blakk, slik at du overalt i verden kan få lese nyheiter som «Slik kan du lese nyheter over hele verden i sommer.»

Men det er heller ikkje sant. Det er framleis ikkje heilt sommar. Nesten. Men ikkje heilt.

Litt meir sommar er det når alle nyheitene begynner å gleppe for deg. Når dei begynner å gå over i kvarandre. Når du begynner å blande U21 og G8. Når du ikkje er heilt sikker om du leste i avisa at Carl I. Hagen skal vere med i «Skal vi danse?», eller om det berre var ein vond draum. Når du begynner å lure på korleis det eigentlig var dette med Erna Solberg, har ho allereie blitt statsminister? (Det er forsåvidt også ganske mange som jobbar med nyheiter som rotar litt der).

Men det er framleis ikkje heilt sommar. Heilt sommar er det først når alt dette er vekk. Fullstendig vekk. Slik at hjernen er ledig. Og ein eller annan i familien, eller kven du no ferierer saman med, sitt der med ledig hjerne. La oss seie at det er far som sitt der med ledig hjerne. Det er ikkje heilt utenkelig. Det kan vere andre, sjølvsagt, men vi seier at det er far som sitt der, i ein fluktstol kanskje, eller på ein stein. Med den dumme solhatten, som han synest han må ha på seg fordi han er far. Fedrar har ei oppgåve der. Dei må ha minst eitt dumt plagg som dei går altfor mykje med, for å gi ungane deira noko å mimre om når dei blir eldre. Fedrar veit at ein gong i framtida skal også ungane deira bli vaksne folk som sitt rundt middagsbord med gode venner og snakkar om dei dumme shortsane og solhattane til fedrane sine.

Uansett, der sitt far, med dum hatt og ledig hjerne, på ein stein eller i ein fluktstol, kanskje med auga att, og plutselig smiler han. Eller ler høgt. Ingen har sagt noko. Ingen er i nærleiken. Far er heilt åleine der i fluktstolen eller på steinen. Og han ler.

Då er det sommar.

Kanskje fantaserer far akkurat no, der han sitt med ledig hjerne, på ein stein eller i ein fluktstol, om at avkommet skal bli noko kreativt. Musikar kanskje, eller forfattar. Og at avkommet ikkje berre skal mimre om solhatten til far. Nei, ein dag kjem akkurat denne scena, på steinen eller i fluktstolen, til å bli sentral i ein norsk oppvekstroman, eller ein av desse sommarsongane som blir spelte på Reiseradioen. For slike tankar er det plass til når hjernen er ledig. Og kanskje begynner far å dikte denne sommarsongen om seg sjølv. Og då begynner han å smile. Der han sitt heilt for seg sjølv. «Solhatten til far», nynnar han inni seg på ein melodi som ikkje finst. «Den finaste han har / Far er litt av ein kar». Og då ler han.

Eller kanskje ler han fordi han plutselig kom på noko ein studiekamerat sa for tjue år sidan. Slikt dukkar plutselig opp igjen når hjernen er ledig. Eller kanskje sitt han der heilt for seg sjølv og fyller den nyledige hjernen med noko heilt meiningslaust: Tullenamn på kjende nordmenn, for eksempel. Tru meg, slikt kan ein tenke på ein heil dag om hjernen berre er ledig nok. Kjell Magne Bondepiker. Stanley Jacobselv. Guro Fosterstilling. Mette Hanekamp.

Snart må hjernen brukast til noko anna igjen, sjølv om det er ferie. Noko skal ordnast. Grillar skal tennast. Bussar skal rekkast. Ting skal pakkast. Men fram til det er hjernen heilt ledig og sommaren komplett. 


Først publisert i Aftenposten 22. juni.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!