Mange unge er avhengige av Facebook

Ei ny undersøking syner at mange ungdommar er avhengige av Facebook. Nokre har eit tvangsmessig forhold, seier psykolog.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange avhengige av Facebook

Noreg er eitt av landa i verda med flest Facebook-brukarar i forhold til innbyggertalet. Sidan hausten 2006, då nordmenn kunne begynne å registrere seg som brukarar av nettsamfunnet, har nesten 4 millionar nordmenn oppretta profil på Facebook, skriv Vårt Land.

Førsteamanuensis Berit Skog ved NTNU vert rekna som ein av dei fremste ekspertane i landet på sosiale medium og har gjennomført ei spørjeundersøking blant over 1.200 personar i alderen 13 til 39 år.

På spørsmålet om dei synest dei er blitt avhengige av å vere på det sosiale nettverket Facebook, svarer 40 prosent i aldersgruppa 18– 25 år ja. Blant dei mellom 13 og 17 år svarer 37 prosent det same.

–  Eg oppfattar ikkje tala som eit uttrykk for ei sjukleg form for avhengnad av Facebook, sjølv om dette også kan skje, seier Skog, som opplyser at utvalet i undersøkinga ikkje er statistisk representativt.

–  Lista over kva nordmenn gjer på Facebook er lang, derfor går det med mykje tid, seier ho.

Ved Universitetet i Bergen (UiB) har det sidan 2011 vore eit eige forskingsprosjekt på avhengnad av Facebook.

Psykolog Cecilie Schou Andreassen ved UiB skriv i siste nummer av Tidsskrift for Norsk Psykologforening at nokre har eit tvangsmessig og overdrivent forhold til sosiale nettverkssider og er avhengige.

Ho meiner åtferdsterapi og motivasjonssamtaler kan hjelpe. (©NPK)