Dorsk torsk kan gi oppsving
Torsk som ikkje lèt seg stresse, kan gje oppsving i oppdrettsnæringa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Jublar for avslappa torsk
Hittil er det få som har tent pengar på torskeoppdrett i Noreg, trass i at ein har halde på i 20 år. Sjukdom, svak økonomi og låge prisar på fisk har ført til at det berre er nokre få firma att, ifølgje Aftenposten.
Men no har forskarar funne ein torskefamilie som kan vere spesielt godt eigna til oppdrett. Dei har observert torsk i merdar som blir utsett for lysblink. Dei fleste blir redde, men enkelte brydde seg ikkje.
LES OGSÅ: Øl-svolten torsk
– Denne torsken verkar rolegare, han lèt seg ikkje stresse og eignar seg betre for oppdrett, seier forskar Tale Marie Karlson Drangsholt ved forskingsinstituttet Nofima til avisa.
Dei skal no følgje opp forsøka for å finne ein meir robust torsk og finne ut kven som veks fortast. (©NPK)
LES OGSÅ: Bør satse på torsk til sushi