Dårlegaste måling for Ap på over to år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dårleg nytt for Jens

Det er ei meiningsmåling for Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) som gir dei dårlege tala for statsminister Jens Stoltenberg og Ap.

Målinga er den dårlegaste for Ap sidan mars 2011, ifølgje ANB. Partiet får ei oppslutning på 25, 2 prosent.

Samtidig inneheld undersøkinga endeleg gode nyheiter for Frps partileiar Siv Jensen. Partiet går fram med 3,7 prosentpoeng og får ei oppslutning på 19,9 prosent. Også Høgre går fram med 1 prosentpoeng til 32 prosent oppslutning og festar dermed eit solid blåblått fleirtal.

Målinga er gjort av Opinion Perduco i perioden 4. til 10. juni, før utsendinga av tolv år gamle Neda Ibrahim. Men valforskar og professor Frank Aarebrot peikar likevel på saker som manglande tiggeforbod og utsending av asylbarn som årsaker til at tvilarane til partiet set seg på gjerdet

– Ap har demobilisert og skapt tvilarar. Målinga viser ei massiv uvisse rundt Arbeiderpartiets politikk. Samtidig viser målinga at partiet har ein stor stemmereserve som kan komme ned frå gjerdet dersom partiet viser ein meir bestemt politikk, seier Aarebrot.

Tala for dei andre partia (med endring frå førre månad i parentes): SV 4,4 (-0,5), Sp 5,0 (+0,2), KrF 5,1 (-0,7), Venstre 4,1 (-0,8), Raudt 1,0 (-0,1), MDG 2,2 (+0,2), andre 1,3 (+0,2) (©NPK)

Les siste politikk-nytt her!