Okse på nær 1.300 kilo

Kolossen i Berdal vart sendt til Nortura i onsdag ettermiddag.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eigaren ventar å få att like mykje som oksen kosta for to år sidan.

– Eg kjøpte den eitt år gamal og betalte 31.000 kroner, seier Berdal om den enorme avlsoksen.

Rasen er Charloais, er av fransk avstamming, gemyttet er fantastisk, og han er far til 40 på Berdal gard.

Gjorde kjempejobb
– Den er snill som eit lam, seier Berdal og set seg på ryggen. Akkurat det er ikkje enkelt med den ryggtavla som står i stil med resten av kroppen. Snakk om kjøtberg.

– Eg er spent på kor tung den er. Tipset er godt over tonnet, seier bonden, som måtte kvitta seg med Festus av Bjørnerud.

– Døtrene er på beite no og den kombinasjonen går ikkje. Det ville blitt innavl, seier Erik Berdal.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Toppklasse
Slaktevekta var 696,5 kilo. Slakt blir klassifisert med den sokalla Europ-standarden der E er best i klassen.

Oksen til Erik Berdal fekk E- og er dermed i toppen av skalaen. Han fekk 3- i feitt, og det er like imponerande.

– Eg er i sjokk over resultatet og er naturlegvis glad over kvaliteten som kjem forbrukarane til gode, seier Erik Berdal.

Jan Vikøren ved Nortura sitt anlegg i Førde seier det er sjeldan slakteriet tek i mot så store dyr. Rekorden er omtrent fem år gamal, då hadde ein okse ei slaktevekt på 735 kilo.

Les saka i Sogn Avis!

Les siste landbruksnytt her!