Større sjølvtillit med hest
Tenåringar som driv med hest lærer at dei ikkje må gi opp og kan få ei enklare ungdomstid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskar Hilde Hauge ved Universitetet for miljø- og biovitskap har nettopp avslutta doktorgraden sin i folkehelse, den første norske doktorgraden som undersøkjer korleis vanlege norske ungdommar blir påverka av å drive med hest.
Tidlegare studiar har undersøkt korleis kontakt med hest kan hjelpe folk med psykiske plagar eller fysiske utfordringar, mens Hauge konsentrerte seg om vanleg ungdom, skriv Dyrebar.no.
Hauge intervjua 65 jenter og 10 gutar mellom tretten og femten år og filma handteringa deira av hesten. Etter fire månader med to timar i stallen kvar veke opplevde ungdommane det forskaren kallar «auka sosial støtte», samanlikna med vanleg skuleungdom.
LES OGSÅ: Hest på høgskule
Forskinga antydar også at den sosiale støtta bidro til at ungdommane opplevde auka meistring.
– Vi var interesserte i kva val ungdommane tok når noko blei vanskeleg. Mot slutten av perioden på fire månader såg vi at dei ikkje gav seg så lett som i starten. Dei lærte at dei fekk til det som blei kravd av dei, berre dei prøvde hardt nok.
Denne meistringskjensla i møte med eit stort dyr trur Hauge tenåringane vil ha god nytte av elles i livet.
– Dette kan påverke korleis dei møter utfordringar i skulekvardagen og elles, meiner ho. (©NPK)
LES OGSÅ: Hestemoro for alle som vil