Norsk duo kaprar Pirates of the Caribbean

Joachim Rønning og Espen Sandberg som regisserte Kon-Tiki, skal laga den neste Pirates of the Caribbean-filmen, fortel Aftenposten.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk duo kapra piratfilm

Ifølgje Aftenposten er det Hollywood Reporter som opplyser dette.

Den femte Pirates of the Caribbean-filmen har premiere 10. juli 2015, og som vanleg er det Johnny Depp som skal spela hovudrolla.

Den norske filmskaparduoen blei føretrekt framfor regissørar som Fredrik Bond som imponerte produsent Jerry Bruckheimer med filmen «The Necessary Death of Charlie Countryman», and Rupert Sanders som regisserte «Snow White and the Huntsman».

Kritikarroste Kon-Tiki var i år nominert til Oscar for beste utanlandske film, men nådde ikkje heilt opp. (©NPK)

Les siste filmnytt her!