Å glede andre er god musikk

For Elise Kårstad (20), Mina Haugen (18) og Kristine Østgaard (18) er gleda over å kunne spele for andre, eit viktig moment i korpsengasjement deira.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Hovden og Ørsta skulekorps legg dei vekt på at det skal vere kjekt å spele.  I Ørsta er innbyggjarane heldige som har fleire korps og band som bidreg med levande musikk på nasjonaldagen. Det er ikkje ei sjølvfylgje at det er slik.

Styreleiar Johnny Vassli Hansen i Hoven og Ørsta skulekorps fortel at korpset deltek i tre speleoppdrag på nasjonaldagen; barnetoget i sentrum, barnetoget i Hovdebygda og folketoget. Korpset har i år 32 musikantar og 16 drillarar. Korpset vert leia av dirigent Brynhild Hovden, medan Jeanette Henden er leiar for drillinga.

Korpsspelinga

Elise Kårstad har spelt i korps i elleve år og ho spelar saman med andre fordi det er utruleg kjekt, utfordrande og sosialt. Ein lærer stadig nye ting og ein får meistringskjensle når ein får til det nye. Det er også veldig kjekt å spele saman med andre å få til kjende og ukjende songar som ei stor gruppe.

– Eg byrja først å spele klarinett då eg var rundt 9 år, men etter å ha spelt klarinett i 6 år, vart eg lei og skifta instrument til fløyte, som eg no spelar, fortel ho.

Mina Haugen spelar klarinett, og er med i korpset mest fordi det er utruleg kjekt. Det er eit fantastisk bra sosialt miljø, og ein lærer veldig mykje om musikk og det å spele saman med andre.

– Eg spela i korps fordi eg synst det er kjempekjekt! Eg spelar klarinett, fortel Kristine Østgaard. Ho har spelt i korps i ni år – og det skal framleis verte korpsspeling for henne i mange år framover også.

Desse tre jentene er mellom dei eldste ungdommane i korpset. Når dei vert utfordra til å seie noko om kva tradisjonar dei har på nasjonaldagen, kjem dei med litt ulike svar.

LES OGSÅ: Vil ha korps inn i skulen

Tradisjonane

– 17. mai er ein lang dag for ein som spelar i korps. For meg byrjar dagen med å få på seg uniforma og kome seg til Ørsta stadion for å stille opp til barnetoget i Ørsta. Deretter går turen heim for å få seg ei skål med rjømegraut og strekkje litt på beina mellom toga. Etter det er det toget i Hovdebygda som står for tur, der eg også prøvar å få med meg litt av folkefesten, men det er ikkje alltid eg rekk, for då er det ikkje så lenge til eg må tilbake til Ørsta stadion, for å stille opp til folketoget i Ørsta. Etter å ha marsjert i tre forskjellige tog, er eg ofte ganske gåen, men ein tur for å besøke mormor har eg ingenting imot. Noko iseting er det som regel lite tid til for min del. Men til trass for at 17. mai er ein veldig slitsam dag, synest det er ein fantastisk kjekk dag! understrekar Elise Kårstad.

LES OGSÅ: – Pimp bunaden din!

Spelegleda

– Eg vil spele for andre på nasjonaldagen, fordi det er kjekt å gå i gatene denne dagen å sjå på alle glade folka, og kva er vel eit 17. mai-tog utan eit korps? undrar Elise.

– Noko av det som er kjekkast med korps, er å glede andre gjennom å spele musikk. Derfor er det kjekt å spele på nasjonaldagen. Det varmar å høyre kor glade folk blir av å høyre og sjå skulekorpsa spele og marsjere, spesielt frå eldre, seier Mina.

– For meg så er det veldig viktig med god korpsmusikk på 17. mai. Det skaper ei meir 17. mai kjensle for meg når vi har med korps og marsjar, fortel Kristine.

QUIZ: Kva veit du om Grunnlova vår?

Bornholmtur

Tidleg i mai er korpset ute og spelar og øver samtidig på dette å marsjere og få gode tonar ut av instrumenta sine. Til glede for mange syter dei for flott musikk på 17. mai. Etter nasjonaldagsfeiringa, er det nye mål for musikantane. Å syte for musikk til lurvetoget på jonsok er fast tradisjon.

– I år går sommarturen vår til Bornholm, og det gler vi oss til. Årshjulet vårt inkluderer to øvingshelger, ei i mars som oftast og ei i september. Så har vi marknad i oktober, før vi byrjar å øve på julesongane. Etter jul er det fokus på dette å verve fleire som vil spele saman med oss, seier styreleiar Johnny Vassli Hansen.

Les meir 17. mai-nytt her!

Måndagane i mai før nasjonaldagen er korpset ute og spelar og øver på marsjeringa, slik at alle musikantane og drillarane går i takt når 17. mai endeleg kjem.

Les saka i Mørenytt!