Fryktar for den norske humla
Naturvernforbundet har meldt eit norsk selskap for import av utanlandske humler, som dei fryktar kan utkonkurrera dei norske.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Naturvernforbundet har saman med Samarbeidsrådet for biologisk mangfold (SABIMA) meldt Norgro for import av utanlandsk mørk jordhumle. Desse humlene blir brukte til pollinering av tomatplanter i drivhus.
– Vi meiner import av utanlandske humler er eit klart brot på plikta om aktsemd knytt til naturmangfaldlova, seier Arnodd Håpnes, fagleiar i Naturvernforbundet.
Fryktar rømde humler
Lova seier mellom anna at ein skal gjera det som er rimeleg for å unngå skade på naturmangfaldet.
Ifølgje Naturvernforbundet meiner fagbiologar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) at innførsel av framande humleartar medfører ein høg risiko for norsk natur. Instituttet har rådd norske styresmakter frå å tillata import av mørk jordhumle frå Belgia.
I tillegg til risikoen for at humlene kan ha med seg smittsame parasittar og sjukdommar, fryktar Naturvernforbundet at dei utanlandske humlene kan rømma frå drivhusa dei blir sette ut i og blanda seg med dei norske humlene.
Då er det stor fare for at dei kan spreia genane sine i den norske humlepopulasjonar, og at dei rømde humlene kan utkonkurrera dei lokale humlene.
– Lytta til Mattilsynet
Norgro har drive på med importen av humler i mindre enn eitt år. Dagleg leiar Morten Torp seier at dei har innretta seg etter dei krava styresmaktene har stilt.
– Vi har registrert meldinga, men meiner at vi har innretta oss til det Mattilsynet har bestemt om import av humler. Eg vil ikkje diskutera innhaldet i meldinga. No er det opp til politiet å etterforska, seier han til NTB.
Humlene blir brukte til å støva planter i tomatproduksjon.
– Desse humlene blir leverte i heile bol, og gjev større avlingar og jamnare og betre kvalitet på tomatane enn norske humler, seier Torp. (©NPK) (©NPK)