Bøkene held på interessa vår

Mens avislesing har gått kraftig tilbake, held bøkene stand i kampen om tida vår. Éin av fire les bøker på ein gjennomsnittleg dag.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

25 prosent las trykte bøker på fritida ein gjennomsnittsdag i 2012. I gjennomsnitt brukte vi 12 minutt på boklesing per døgn, eller 58 minutt blant dei som las bøker i løpet av ein dag. Delen boklesarar gjekk ned noko i første halvdelen av 1990-talet, men har sidan auka og har dei seinare åra lege rundt 25 prosent. Det viser tal frå Norsk mediebarometer.

Til samanlikning var det over 80 prosent avislesarar i Noreg på 90-talet, medan talet no er nede i 55 prosent på ein vanleg dag.

Kvinner les framleis bøkar i betydeleg større grad enn menn. Medan 19 prosent av mennene les bok i løpet av ein dag, er delen 32 prosent blant kvinner. Kjønnsskilnaden gjeld alle aldersgrupper. I aldersgruppa 9-15 år er det til dømes slik at 34 prosent av gutane har lese bok ein gjennomsnittsdag, medan delen er 40 prosent blant jentene.

Rekord for barne- og ungdomsbøker
Aldri før er det registrert fleire lesarar av barne- og ungdomsbøker som i 2012. I 2012 var talet 11 prosent, medan året før var talet 7 prosent.  I Agder og Rogaland var det i fjor 17 prosent som las barne- og ungdomsbøker i 2012. I Trøndelag var talet 4 prosent.

Tidlegare i år undersøkte elevane ved Sand skule kor mykje andre ungdommar i Suldal les, og kvifor dei gjer det.

Ein av fire elevar svarte at dei les fordi dei har lyst, eller fordi dei ønskjer å halda seg oppdatert. 40 prosent les fordi dei må gjera det i skulesamanheng.

– Eg les fordi eg likar det, sa Idunn Lindal Haug då Framtida.no spurde hennar tidlegare i år.

LES SAKA: – Difor les me bøker

Utdanning tel, ikkje inntekt
Skjønnlitteratur, det vil seie romanar og noveller, har vore og er mest populært blant boklesarane. 62 prosent av dei som les bøker ein gjennomsnittsdag, les slike bøker. Det er særleg kvinner som føretrekker å lese denne typen litteratur. Men fleirtalet av mannlege lesarar vel òg romanar
framfor annan litteratur. Dei vel like vel i større grad sakprosa enn kvinnelege boklesarar gjer. Dette gjeld særleg bøker om samfunn, politikk, kunst og historie.

Personar med høg utdanning er dei mest ivrige boklesarane. Leiarar, personar med akademiske yrke og pensjonistar les i noko større grad bøker enn andre. Inntekta til folk har lite å seia for kor mykje tid ein bruker på bøker.

QUIZ: Kven skreiv boka?

Faktaboks

• 25 prosent les trykte bøker ein gjennomsnittsdag.
• Delen som les bøker, har vore nokså lik dei seinare åra.
• Jenter og kvinner er dei ivrigaste boklesarane.
• Mest boklesing blant dei med høg utdanning.
• Skjønnlitteratur blir lese mest, både blant kvinner og menn.

Sjå fleire tal i Norsk mediebarometer 2012!