Uri går i protest frå Språkråd-styret

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Går i protest frå Språkråd-styret

Styret i Språkrådet består av ni medlemmer oppnemnt av Kulturdepartementet. Helene Uri gav beskjed om avgjerda si i ein e-post til departementet den 7. mars. Bakgrunnen er at ho meiner seg økonomisk forskjellsbehandla frå dei andre i styret, som stort sett er offentleg tilsette.

Uri sit også i styret i Den norske Forfatterforening, og ho forklarer at ho trekte seg frå styret i Språkrådet av prinsipielle grunnar og av lojalitetsomsyn.

– Som styremedlem i Den norske Forfatterforening kan eg ikkje fortsette som ein del av styret i ein organisasjon som ikkje forsøkjer å leggje forholda til rette for styremedlemmer som livnærer seg som kunstnarar, seier ho til DnFs nettsider.

Uri seier ho takka ja til vervet fordi ho ønskte å delta i diskusjonar om og vere med på å leggje premissane for norsk språkpolitikk.

– Det var sjølvsagt ikkje fordi eg trudde eg skulle tene meg rik på det. Men samtidig kjennest det ikkje rett at den økonomiske kompensasjonen til kunstnarar er så mykje lågare enn for andre, seier ho.

Tapt arbeidsforteneste
Kulturdepartementet ønskjer ikkje å kommentere saka, og Språkrådets direktør Arnfinn Muruvik Vonen viser til styreleiar Ottar Grepstad.

Ottar Grepstad opplyser til NTB at Helene Uri trekte seg etter at ho tok opp spørsmålet om honorarsatsane for styremedlemmer som er sjølvstendig næringsdrivande. Det handlar om eit statleg regelverk der timesatsen for møte og møteførebuingar er på 391 kroner, og der det også kan bli gitt tillegg for dokumentert eller sannsynleg tapt arbeidsforteneste. Regelverket er tolka slik at Uri ikkje har fått eit slikt tillegg.

Det gjekk halvanna år frå ho tok opp saka, og langt over eit år frå DnF på prinsipielt grunnlag overtok saka, til departementet og Språkrådet kom fram til ei avgjerd.

– Viktig styremedlem
Styreleiar Ottar Grepstad er slett ikkje glad for avgjerda til den klart mest profilerte medlemmen av styret.

– Det er veldig synd at ho trekkjer seg. Ho har vore ein viktig styremedlem, seier Ottar Grepstad.

Bente Christensen er varamedlem for Helene Uri og trer inn i styret til ein ny medlem er funnen, opplyser seniorrådgivar Marius Bakke i Kulturdepartementet til NTB. Christensen er leiar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar ved Universitetet i Oslo. (©NPK)