Går inn for styrkja sidemålsopplæring
Senterungdommen vann på alle sakene dei gjekk inn for å vinna på landsmøtet til Senterpartiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vann alle kampsaker
Senterpartiet går inn for å halda på eigen standpunkt- og eksamenskarakter i sidemål og styrkja sidemålsopplæring i skulen.
– Eg synest det er veldig bra at me fekk det gjennom. Og ikkje minst at me skal styrkja sidemålsopplæringa. Eg håpar me får me dei andre partia på dette, seier Marit N. Krogsæter i sentralstyret til Senterungdommen til Framtida.no.
I mars gjekk høyringsfristen ut for forslaget til ny læreplan i norsk. Det er venta at regjeringa vil bestemma seg for det framleis skal vera eigne karakterar i sidemål eller ikkje i løpet av mai. Frå før har både landsstyret til SV og AUF gått inn for eigne karakterar i sidemål.
Siger for Senterungdommen
Under landsmøtet til Senterpartiet fekk Senterungdommen gjennomslag for samtlege av kampsakene sine:
• Noreg skal melda seg ut av Schengen
• Folkeavstemming om EØS
• Innføra kjønnsnøytral verneplikt
• Vern av Lofoten og Vesterålen mot oljeboring
• Skjenkestopp klokken 03.00
• Ikkje studiepengar for utanlandske studentar
– Me var vinnarane av landsmøtet. Eg synest det er utruleg flott at partiet høyrer på ungdommen. Me er veldig, veldig glade for å ha så pass reell påverknad, seier Marit N. Krogsæter.
Etter eit lite kompromissforslag med partileiinga om EØS, blei dei samde om at det er eit langsiktig mål å få til folkeavstemming om EØS.