Norske foto i verdstoppen
Brukarane av Wikimedia har kåra årets bilde. Ein norsk fotograf og ein norsk foss er blant dei tolv beste bilda. Sjå bilda her!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
For sjuande gong har brukarane av Wikimedia kåra årets bilde. Denne gongen var det franskmannen Pierre Dalous blei den beste på bildeversjonen av Wikipedia.
Her lastar brukarane opp bilde til bruk for andre under såkalla Creative Commons-lisens.
LES OGSÅ: Tok verdas beste naturfoto
Nordmannen Tormod Sandtorv kom på ein åttandeplass i kåring med bildet over. Det viser eit naturleg gassfelt ved Derweze i Turkmenistan som har fått namnet Helvetesporten.
Eit bilde av Vøringsfossen i Eidfjord kommune blei kåra til verdas fjerde beste.
Les meir om dette holet som har brent i 40 år!
1. plass: To fuglar med det norske namnet bieter – og ei bie. Foto: Pierre Dalous/Wikimedia Creative Commons
2. plass. Eit spektakulært utbrot på sola den 31. august 2012. Foto: NASA Goddard Space Flight Center/Wikimedia Creative Commons
3. plass. Bildet viser ei lyspære som blir skoten av ein softgun. Foto: Stefan Krause/Wikimedia Creative Commons
4. plass. Vøringsfossen. Foto: Simo Räsänen/Wikimedia Creative Commons