Vil vurdere tiggeforbod

Riksadvokaten meier det er grunn til å vurdere å forby tigging ettersom fenomenet no har vorte eit landsomfattande problem.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Riksadvokaten vender tommelen ned for regjeringsframlegget om meldeplikt. Både politimeistrane i dei største byane og Politidirektoratet vil ha eit tiggeforbod. No får dei langt på veg støtte av Riksadvokaten i ei høyringsfråsegn om forslaget til endringar i politilova, skriv Aftenposten.

– Lovframlegget ber preg av at ein ønskjer å gjere noko med situasjonen, men utan at ein tar steget fullt ut ved å forby tigging, heiter det i fråsegna.

Etter lovframlegget skal politiet avgjere når og kor det skal vere lov å tigge, og skal registrere tiggarane. Det trur Riksadvokaten kan råke ein del innsamlingsaksjonar, til dømes Operasjon Dagsverk.

LES OGSÅ: – Tiggarar er ikkje kriminelle

– For politiet er det sjølvsagt mykje lettare å handheve eit forbod mot tigging, heiter det. Riksadvokaten meiner føresetnadene for å opphevinga av lausgjengarlova i 2006 kan vere endra, og at vi igjen bør vurdere å forby tigging. (©NPK)

Bør tigging gjerast ulovleg i Noreg? Kva meiner du?