Tek grep mot ufrivillig deltid
Alle i deltidsstillingar skal ha krav på ein stillingsprosent som svarar til den tida dei faktisk jobbar, foreslår regjeringa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fredag la regjeringa fram lovforslaget dei meiner er eit viktig grep for å kjempe mot ufrivillig deltid.
– Vi foreslår at alle som jobbar meir enn avtalt arbeidstid, etter eitt år skal ha krav på den stillingsdelen dei faktisk jobbar, seier arbeidsminister Anniken Huitfeldt (Ap).
Heiltidskultur
– Ufrivillig deltid er ei stor utfordring i norsk arbeidsliv og ein viktig årsak til lønnsforskjellar og mindre pensjonsopptening. Det er viktig å skape ein heiltidskultur, seier Huitfeldt.
Arbeidsministeren meiner at dette forslaget vil bidra til eit meir likestilt arbeidsliv. Ifølgje Arbeidarpartiet jobbar i dag 40 prosent av norske kvinner deltid, medan berre 14 prosent av menn gjer det same.
Forslaget vil treffe mange innan helse- og omsorgsyrke, der mange er tilsett på deltid og må fylle på med ekstravakter for å få fulltid.
LES OGSÅ: – Bør berre jobba fem timar kvar dag
Fleire ønskjer fulltid
Huitfeldt understrekar at tilsette i denne sektoren i dag i større grad ønskjer å jobbe heiltid enn tidlegare.
Annette Trettebergstuen, arbeidslivspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, jublar for forslaget som ho meiner vil gi mange kvinner ein meir rettferdig arbeidskvardag.
– Sjukepleiarar, hjelpepleiarar og andre fagutdanna har i altfor lang tid måtta finne seg i å jobbe under forhold som har hatt for mange likskapstrekk med eit lausarbeidarsamfunn. No kan det endeleg bli slutt på dette, seier ho. (©NPK)