Mest lommepengar i vest
Born og unge på Vestlandet får mest lommepengar i landet, viser ei undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På lommepenge- toppen i vest
Undersøkinga er gjort av Ipsos MMI for DNB, fortel Dine Penger. Ho viser at halvparten av born i Noreg får faste veke- eller månadspengar, og at det er born på Vestlandet som får mest. Born i vest får i snitt 907 kroner kvar månad, medan landsgjennomsnittet er på 842 kroner i månaden. Oslo ligg på botnen av lista, her får born i gjennomsnitt 757 kroner i månaden. For Austlandet elles er snittet 833 kroner, i Midt-Noreg 797 kroner og i Nord-Noreg 889 kroner.
Ifølgje Dine Penger får born mellom 14 og 17 år i gjennomsnitt 264 kroner i veka i faste lommepengar. Born mellom 6– 13 år får i snitt 64 kroner veka, og dei som er 18– 19 år får i gjennomsnitt 351 kroner i veka. Undersøkinga er gjennomført som ei webundersøking blant 941 familiar som har born under 20 år buande heime, opplyser Dine Penger. (©NPK)