Varslar opprør mot oljeboring

Natur og ungdom varslar ungdomsopprør mot at fleirtalet i Arbeidarpartiet sin programkomite opnar for oljeboring utanfor Lofoten, Senja og Vesterålen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Oljeavhengigheita til landet vårt er i ferd med å køyra verda på stø kurs mot klimakatastrofe. Men i staden for å senda nasjonen på avrusing vil fleirtalet i programkomiteen til Arbeidarpartiet heller stikka nåla endå lengre og djupare inn. Det kan bety slutten for dei fornybare næringane i Lofoten, Vesterålen og Senja, rasar leiar i Natur og Ungdom, Silje Lundberg.

Lofoten, Vesterålen og Senja er eit av dei mest sårbare og verdifulle havområda i verda. Heilt sidan 2002 har vi fått stadig meir kunnskap om havområda, og sidan riggen til Hydro vart stoppa av aksjonistar frå Natur og Ungdom og Bellona i 2001 har tre norske regjeringar sagt nei til å opna områda ved fire ulike høve.

– I 2009 sa Helga Pedersen at «Natur og Ungdom kan vera trygge på at miljøinteressene skal vege tungt» i spørsmålet om oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. No viser ho og fleirtalet i Arbeidarpartiet sin programkomité kor dei verkeleg står, og dei viser at dei ikkje bryr seg ein døyt om miljøinteressene, seier NU-leiaren.

LES OGSÅ: Borar for miljøet

– Første steg mot boreriggar
Fleirtalet i Arbeidarpartiet sin programkomité går inn for ein konsekvensutredning av havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Konsekvensutredning er første steg på vegen mot å senda boreriggar til Røst, og gjennom historia er det aldri gjort ein konsekvensutredning av eit havområde utan at det har blitt tildelt nye område for oljeindustrien.

Forslaget frå programkomiteen får Natur og Ungdom til å sjå raudt.

– Fleirtalet i programkomiteen viser med dette at dei er villig til å risikera fleire tusen fornybare arbeidsplassar i regionen og matfata i verda for å kunne pumpa opp endå meir klimaforureining som er i ferd med å øydeleggja kloden me bur på, seier Lundberg.

– Undersøking etter undersøking viser oss at det er blant ungdomen motstanden mot ei opning av desse havområda er størst. Eg vil med dette lova Helga Pedersen og kompani at me ikkje tillet å bli ignorert, at me ikkje går med på at framtida vår blir øydelagt av deira kortsiktige og fossile tankegang. I dag er byrjinga på ungdomsopprøret som kjem til å vara fram til Arbeidarpartiet sitt landsmøte, seier Silje Lundberg.

QUIZ: Prøv deg på den store klima-quizen!