Bønder lite interessert i økologisk drift

Heile 91 prosent av norske bønder svarar nei på spørsmål om dei har planar om å leggje om til økologisk drift i dei nærmaste fem åra.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ikkje leggja om til økologisk

Det viser ei spørjeundersøking som Norsk senter for bygdeforsking har gjort, skriv Nationen.

I undersøkinga svarar berre 1 prosent at dei har planar om å leggje om drifta, mens 8 prosent svarar at dei ikkje veit om dei vil gjere det.

Forskar Oddveig Storstad ved Norsk senter for bygdeforsking meiner at norske forbrukarar sjeldan spør etter økologisk mat. Ho meiner at politikarane må prioritere annleis om dei vil satse på økologisk landbruk.

LES OGSÅ: Vil gje Jorda vår rettar

– Det politiske målet om at 15 prosent av maten som blir produsert i norsk landbruk skal vere økologisk, legg opp til at det skal vere balanse mellom tilbod og etterspørsel i marknaden. Når det ikkje skjer, blir forbrukaren proppa i systemet, og styresmaktene set i gang tiltak for å vekkje den økologiske forbrukaren i oss, seier Storstad.

Ho meiner at det er å byrje i feil ende og vil heller at styresmaktene legg vekt på å få fleire bønder til å starte opp økologisk.

– Miljøvinninga ved økologisk landbruk blir tatt ut på kvar enkelt gard med økologisk drift, ikkje ved at forbrukarane kjøper mat, seier ho. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?