Deler ut 51 nye oljeutvinningsløyve
Ola Borten Moe gjev tre utvinningsløyve i Barentshavet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
40 selskap får tilbod om delar i 51 utvinningsløyve når Olje- og energidepartementet tilbyr nye såkalla TFO-konsesjonar.
Bak forkortinga skjuler omgrepet «tildeling i førehandsdefinerte område» seg. Det vil seie at områda er i dei mest utforska områda på norsk sokkel.
Moe delte tysdag ut tilbod knytt til 51 nye utvinningsløyve.
– Årets konsesjonsrunde stadfestar at kombinasjonen av rammevilkår og geologiske moglegheiter i Noreg er internasjonalt konkurransedyktig, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp), i ei pressemelding, og gler seg over interessa for desse modne områda.
LES OGSÅ: – Kjekt å vera ein del av oljeeventyret
Det var til saman 47 selskap som ville vere med på TFO-tildelinga i denne omgang, og 40 av dei blir no tilbydd rettane i dei nye konsesjonane. 23 av selskapa får tilbod om å bli operatør.
Brorparten av konsesjonane – 35 i talet – gjeld område i Nordsjøen, medan 13 av dei ligg i Norskehavet og 3 i Barentshavet. (©NPK)