– Fantastisk at Kon-Tiki er nominert
– Det er fantastisk at «Kon-Tiki» opplever den æra det er å bli nominert til Oscar for beste utanlandske film, seier kulturminister Hadia Tajik (Ap).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kulturministeren seier at nominasjonen viser at satsinga på norsk film dei siste åra ber frukter, og at norsk filmbransje evnar å hevde seg internasjonalt.
– Det blir spennande å følgja utdelinga 24. februar. Dersom «Kon-Tiki» vinn Oscar er ringen på ein måte slutta sidan dokumentarfilmen om ferda vann Oscar for beste dokumentarfilm i 1950, seier Hadia Tajik til NTB.
Skulle filmen om den fantastiske flåteferda til Thor Heyerdahl i 1947 ende opp som vinnar av kategorien «Beste framandspråklege film», vil eventyraren ha sørgd for to Oscar-statuettar til Noreg. Originalfilmen frå Kon-Tiki-ferda blei kåra til beste dokumentarfilm i 1951 og vann det som lenge var den einaste prisen til Noreg i den mest prestisjetunge kåringa i filmverda.
2012-versjonen av det som skjedde er ein fiksjonsfilm basert på ekspedisjonen til Heyerdahl.
Kon-Tiki blei sett av 881.658 publikummar på norske kinoar i 2012. Kon-Tiki er òg nominert til Golden Globe, og på søndag 13. desember får me vita korleis det går med den utdelinga.